I 2009 var det ca 180 gardsbruk i drift i Surnadal, av desse hadde 152 husdyr. I tillegg kjem areal i drift som leigejord. Næringa skaper ca 230 årsverk direkte i landbruksproduksjonen, og bidrar med stor årlig verdiskaping med utgangspunkt i råvarer produsert lokalt. Landbruket i Surnadal omset mat for ca 110 mill. i året. Samla omsetning for mjølkebruka inkl. kjøttproduksjon i Surnadal er 80 mill. kr. (basert på tal frå NILF). I 2007 vart det produsert 9,8 mill. liter mjølk frå 80 mjølkebruk, mot 113 mjølkebruk i 1999. Dette tilsvarar forbruket av drikkemjølk, ost og andre meieriprodukt til 32.000 personar i eit år. 8% av sysselsettinga i Surnadal er direkte i landbruket. I tillegg skapar kvart årsverk ein til to arbeidsplassar i andre næringar, som veterinær, handverkarar, rådgjevarar, handelsnæring osb.
Tenestetilbodet
Surnadal kommune har prioritert å oppretthalde eit godt tenestetilbod retta mot jordbruksnæringa, nettopp fordi det gjev store positive ringverknader til lokalsamfunnet. Avdeling for Næring og utvikling arbeider på eit bredt felt, med mange ulike saker. Ei av dei største oppgåvene er å sørgje for at ca 40 mill. kroner i produksjonstilskot i jordbruket kjem hit til kommunen. Mykje av desse midla blir nytta lokalt.
Elles arbeider vi mykje med tilrettelegging av ulike ordningar som refusjon av sjukdomsavløysing, miljøtiltak, diverse erstatningsordningar osb. Administrasjonen arbeider og mykje med saksbehandling, forvaltning av midlar via Innovasjon Norge til bedriftsutvikling, nybygg, etablerarstipend osb. Rådgjeving på ulike område er og ei prioritert oppgåve. Sakshandsaming til formannskap og kommunestyre er og ei tidkrevjande oppgåve, dette er ofte saker knytt til jordlov, konsesjonslov, odelslov osb.
Det er viktig for oss å informere godt om dei moglegheitene som finst for brukarane, slik at ein og i framtida vil oppleve rekruttering, utvikling og ny næringsverksemd på gardsbruka i Surnadal.