Anbudet på denne delen av utbygginga vart vunne av firmaet Mikkelsen Maskin A/S til ein totalkostnad på vel 4 mill. kr. og arbeidet er venta ferdigstilt til hausten.
Når anlegget er ferdig opparbeidd, inkl. gatelys og fast dekke, vil ein kunne gå trygg og adskilt frå biltrafikk på heile strekninga Grimsmo-rundkjøringa-"gml.Grytå"-Vassend-Grimsmo. Forhåpentlegvis vil dette bli den nye populære ruta for trofaste kveldstrimmarar. Likeså vil det bli ei tryggare rute for born og ungdom som fleire gonger i veka sykler eller går frå boligfelta og ned til idrettsanlegget på Syltøran.