|
Hurtigmeny
|
|
|
|
|
Har du fått besøk?
Viss ikkje vil også du få det i samband med synfaring av eigedomar.
I samband med ny alminneleg taksering av eigedomar blir det no gjennomført synfaring av alle hus og heimar i kommunen. Dette blir gjennomført ved besøk av to kommunale tenestemenn som i større eller mindre grad ser over eigedommen din, og kva bygningar som står på tomta.
Den kontrollen som skjer er opp mot dei registrerte opplysningane vi har på eigedommen. Dersom vi finn avvik kan det vere nødvendig med ein nærare kontroll. Men som oftast vil kontrollen vere enkel og tenestemennene må rekke over omlag 80 eigedommar kvar dag for å koma i mål innan fristen. Dette gjer at det ikkje er rom for å helse på og snakke med dei som eventuelt er heime når vi kjem på besøk. Det er dessverre ikkje tid til det.
Vi håper likevel at folk ikkje blir uroa av å få dette framande besøket rundt eigedomen sin. Våre folk vil vere utstyrt med kommunal jakke eller refleksvest, og besøket vil berre bli gjennomført på måndag til fredag mellom kl 08 og 16.
Publisert av
Mariann Hoset.
Ansvarlig
Trond Håskjold.
Sist endret 26.02.2010
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Surnadal kommune
|
|
Bårdshaugvegen 1
|
|
|
|
6650
Surnadal
|
 |
|
Telefon
|
:
|
71 65 58 00
|
|
Faks
|
:
|
71 65 58 01
|
|
Org.nr.
|
:
|
964 981 892
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08:00 - 15:30
|
|
|