Vi held til på Kulturhuset. Med slagordet KOM INN OG SJÅ ! satsar vi på å få ein aktiv og triveleg barnehagedag.
Barnehagedagen skal vere med og auke forståinga for barnehagen sitt viktige arbeid.
Vi inviterer alle vaksne og alle barn ikkje berre fysisk til å komme inn i barnehagen å sjå, men og til å bli kjent med barnehagen si verksemd.
På Kulturhuset blir det delt opp i stasjonar med ulike tema på kvar:
- Energikampen
- Musikkstund
- Konstruksjonsleik
- Utstilling i Finstuå
- Bibliotek - lesing
I tillegg vil eit lite kor synge for oss.
Alle er velkomne til å "KOM INN OG SJÅ" !