Lov om eigedomsskatt stiller krav om ny alminneleg taksering kvart 10. år for eigedomar som allereie har innført eigedomsskatt. I tillegg er området for skattlegging utvida til å gjelde heile kommunen frå 2010. Før ny skatt blir fastsett skal også eigedomane synfarast. Det er tidlegare informert om dette i annan artikkel på heimesida vår.
Det blir sendt ut skatteseddel til alle grunneigarane i det gamle skatteområdet i veke 13. Skattelista blir lagt ut til offentleg ettersyn 29.03. på kommunehuset. Klagefristen er 3 veker frå denne datoen.
Tilsvarande synfaring startar no for grendene i kommunen. Vi ber om forståing for at takserarane ikkje har tid til å helse på grunneigarane under denne synfaringa. Dette vil skje på vanleg dagtid nokre veker framover. For desse eigedommane er fristen for utskriving av skatt og utlegging av skattelister 01.07.