Måndag og tysdag denne veka var tilsette i alle tri kommunane samla for å bli betre kjent og starte prosessen mot eit felles barnevern. Arbeidslysta var på topp, og på programmet stod både presentasjon av tenestene, korleis ønskjer vi at den nye tenesta skal bli og omdømebygging.
Det er tenkt at den interkommunale barneverntensta skal vere lokalisert i andre etasje i "gammelbanken" saman med pedagogisk psykologisk teneste.
Administrativt blir det arbeidd med å utarbeide ein samarbeidsavtale som skal til politisk behandling i alle tri kommunane. Går alt etter planen vil den interkommunale barneverntenesta vere i drift utpå hausten.