Beredskap

Vi har døgnkontinuerleg vaktordning for abonnentane våre dersom det oppstår problem med vassforsyninga eller med avløpsnettet.

Telefon i arbeidstida : 71 65 58 00

Telefon etter ordinær arbeidstid : 416 35 388

 

Kriseplan (PDF, 820 kB) Varslingsliste (PDF, 494 kB)

 

 

Kommunen har vidare eit ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i lokalsamfunnet. Dette arbeidet handlar om tiltak for å førebygge og å ta hand om hendingar og situasjonar som trugar liv, helse, miljø og viktige samfunnsverdiar.

Til hjelp i dette arbeidet har kommunen utarbeidd følgjande beredskapsplanar:

Oppdatert varslingsliste (gjeld både for kriseplanen og helseberedskapsplanen)

Kriseplan                                                                                                                        Kommunen har utarbeidd ein kriseplan. Denne planen er meint som eit hjelpemiddel for at kommunen skal kunne reagere raskt og effektivt i kritiske situasjonar.

I kriseplanen finn du mellom anna ei oversikt over kommunen si kriseleiing og beredskapssekreteriat. Desse blir kalla inn om større kriser skulle inntreffe eller større ulukker skulle skje.

Risiko og sårbarheitsanalyse
Det er gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyser for å finne ut sannsynlegheita og konsekvensane av ulike hendingar som kan inntreffe i lokalsamfunnet.

Plan for sosial- og helsemessig beredskap i Surnadal kommune 2004
Kommunen skal i følgje Lov om helsetenesta i kommunane sørgje for nødvendig helseteneste for alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen. Det omfattar hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar.

Beredskapsplanen er heimlet i Lov om helsemessig og sosial beredskap av 23.06.2000. Helseberedskapsplanen er ein del av kommunen si kriseplan og samordna med dei andre beredskapsplanane i kommunen (khl §1-5). Smittevernplanen er ein delplan i høve til helseberedskapsplanen.

Sist endret 14.06.2016 15:24
Fant du det du leita etter?