Gretha Therese Varvik vann Ipad

Før jul hadde Surnadal kommune ein kampanje som gjekk ut på å få fleire til å ta i bruk digital postkasse.

Vinnaren vart Gretha Therese Varvik. Vi gratulerer!

Vil samtidig minne om fordelane med digital postkasse:

  • Du får post digitalt på ein sikker måte. Vanlig e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Skal du kunne motta viktige brev frå det offentlege digitalt, må du ha digital postkasse.
  • Du får post frå det offentlege på ein stad. Med digital postkasse får du samla post frå det offentlege sikkert på ein stad. Du kan lagre posten så lenge du ønskjer. Det er gratis å opprette og bruke postkassa. 
  • Du sparar miljøet og reduserer offentlege utgifter. Med ei digital postkasse bidrar du til at det offentlege kan bruke fellesskapet sine pengar på andre ting enn porto, papir og transport samtidig som du er med å spare miljøet.

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00