Sjøområdeplan for Nordmøre på andre gongs høyring

Orkidé Nordmøre regionråd har anbefalt at deltakande kommunar vedtar å sende plana på andre gongs høyring. Alle dei 11 kommunane har no gjort vedtak i samsvar med plan- og bygningslova §11-14.

Reviderte plandokument, saksbehandling og vurdering av merknadane frå første høyringsrunde finnast direkte under Sjøområdeplan Nordmøre eller på heimesida til Tingvoll kommune under «Nyheter» eller «Høring, prosjekt og planer».

Les høyringsbrevet

Sjå plankartet

Sjå korleis merknadane fra første høyring er vurdert

Tingvoll kommune er vertskommune for sjøområdeplan Nordmøre. Alle kommunane har lagt ut denne kunngjeringa på sine hjemmesider.

Høringsfrist er fredag 19. januar 2018.

Høyringsuttalar merkast «Sjøområdeplan Nordmøre» og sendast til Tingvoll kommune, Midtvågvegen 2, 6630 Tingvoll, eller pr. e-post til: postmottak@tingvoll.kommune.no