Stortingsvalet 2017

vallogo nynorsk - Klikk for stort bilde Stortingsvalet 2017 blir gjennomført måndag 11. september.  I Nedre Surnadal krins blir det og gjennomført val søndag 10. september.

 

 

 

Valkrinsar og opningstider

Valstyret i Surnadal har vedteke følgjande vallokale i krinsane ved valet 2017:

Krins:                                     Vallokale:

Mo                                          Mo skule

Nedre Surnadal                      Surnadal kulturhus

Bæverfjord                             Bæverfjord skule

Bøfjorden                               Bøfjorden barnehage

Stangvik                                 Stangvik skule

Todalen                                  Todalen skule


Vallokale ved Nedre Surnadal krins har ope søndag 10. september kl. 14.00 – 19.00.

Måndag 11. september er vallokale ved Nedre Surnadal krins ope frå kl. 10.00 til kl. 20.00.

Vallokala ved Mo skule, Bæverfjord skule, Bøfjorden barnehage, Stangvik skule og Todalen skule er opne måndag den 11. september frå kl. 12.00 til kl. 20.00.


Stemmerett og manntal

For å kunne stemme må du stå innført i manntalet i ein kommune. Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert busett per 30. juni i valåret. Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn.


Utlegging av manntalet

Ved stortings- og sametingsvalet 2017 er manntalet for Surnadal kommune lagt ut til offentleg ettersyn på desse stadane frå og med veke 30 til og med valdagen 11. september 2017:

Surnadal kommunehus – servicetorget

Surnadal kulturhus – biblioteket.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage til Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.  Klagen skal vere grunngjeven.


Førehandsstemming

Tidlegstemming i Surnadal kommune

Veljarar som ikkje har høve til å stemme i løpet av den ordinære perioden for førehandsstemming frå 10. august til 8. september, eller på valdagen 11. september, kan frå måndag 3. juli vende seg til kommunen for å gje si stemme.

Dersom du ønskjer å tidlegstemme kan du ta kontakt med servicetorget på tlf.nr. 71 65 58 00 eller stikke innom kommunehuset v/servicetorget og avtale tid med dei. Du kan og sende ei melding til post@surnadal.kommune.no.


Den ordinære førehandsstemminga

Den ordinære perioden for førehandsstemming startar den 10. august og varar til og med den 8. september.

I Surnadal kan du førehandsstemme ved kommunehuset i opningstida.

Du kan førehandsstemme i kva kommune du vil i Noreg.

Utvida opningstid:

Surnadal kommunehus har ope laurdag den 2. september kl. 11.00 – 16.00 i samband med førehandsstemminga. Det er og utvida opningstid fram til kl. 18.00 for mottak av førehandsstemmer den 5., 6. og 7. september 2017.


Ta med legitimasjon når du skal avgi stemme!

Alle som skal stemme, må kunne vise gyldig legitimasjon. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førarkort eller bankkort med bilde.

Valkort

Alle som står i manntalet får tilsendt valkort. Du bør ta med valkortet når du skal gje di stemme, men kortet er ikkje gyldig som legitimasjon. Du får stemme sjølv om du ikkje har med valkortet.


Førehandsstemming ved institusjonar og andre stader

Surnadal valstyre har bestemt at det blir førehandsrøysting ved institusjonar og andre stader slik:

  • Surnadal Sjukeheim

    Tysdag 5. september kl. 1000 - 1200

  • Bårdshaugen omsorgsbustader

    Tysdag 5. september kl 1300 – 1500.

  • Surnadal vidaregåande skole

    Onsdag 6. september kl 1000 – 1200


Søknad om å få røyste heime – frist for å søkje

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan stemme i eit vallokale, kan søkje om å få røyste heime.

Søknad frå veljarar om å få røyste heime jfr. lovens § 8-3, må vere valstyret i hende innan onsdag 6. september.



Valstyret si adresse:

Surnadal valstyre

Bårdshaugvegen 1

6650 Surnadal.


Meir informasjon om valet finn du på www.valg.no

 
       
 
 
Fant du det du leita etter?