|
Hurtigmeny
|
|
|
|
|
Næringsliv
Surnadal kommune har tidligare vore ein jordbrukskommune. Med 32.508 da. dyrka areal og 235.000 da. produktivt skogareal er primærnæringane framleis ein viktig del av næringslivet. Men industrialiseringa med skogbruket og "Nordmørsfurua" som utgangspunkt starta for over hundre år sidan.
Sidan dette har Surnadal kommune vore ein "trekommune". Vidareforedlinga av tre spenner frå vogger produsert på hobbybasis til likkister for den siste reisa. I spennet mellom desse finn ein møbelprodusentar, fleire sagbruk og trelastutsal. Vidare har vi laminatfabrikk, dør- og vinduprodusent, laftefabrikk og mange andre bedrifter som produserer varer i tre for sal eller delleveransar til møbelfabrikkane.
Men Surnadal er ikkje berre tre. I kommunen finst det fleire plastfabrikkar med Pipelife Norge AS som den største og mest kjende, kalksteingruve og mekanisk industri. Surnadal kommune har einaste flyfabrikken i landet og einaste produsenten av musefeller. To store transportfirma og tre større entreprenørar innafor bygg og anlegg kan også nemnast.
I tillegg er Surnadal kommune ein kraftutbyggingskommune med to større kraftverk. Desse er Svorka, som vart ferdig i 1963, og Trollheim frå 1970. Svorka er på 25.000 kw, medan Trollheim er 145.000 kw. Dei årlege konsesjonsavgiftene (4,3 mill kroner) går uavkorta til næringsformål.
Surnadal kommune har utvikla seg til eit senter på Indre Nordmøre, og har tilbod som dekkjer alle daglege behov og dei fleste spesialbehov i regionen. Tettstaden Skei er administrasjons-, handels- og servicesenter. Kommunikasjonsmessig ligg Surnadal svært interessant til, omlag midtvegs mellom Trondheim, Kristiansund og Molde. Avstand til Trondheim er 12.7 mil, ca. 2 timar med bil.
Som grunnlag for utvikling har kommunen sikra store areal til industriføremål og det er etablert fleire bedrifter i området. Kommunen har i seinare år bygd fleire industriutleigebygg til bedrifter som har etablert seg. I finansieringa av desse har næringsfondet til kommunen vore sentralt. Kommunen har 25 + 5 % Innovasjon Norge-status.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Surnadal kommune
|
|
Bårdshaugvegen 1
|
|
|
|
6650
Surnadal
|
 |
|
Telefon
|
:
|
71 65 58 00
|
|
Faks
|
:
|
71 65 58 01
|
|
Org.nr.
|
:
|
964 981 892
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
08:00 - 15:30
|
|
|