Markagarden Vaulen

Vaulen markagard
Vaulen

Vaulen er ein kommunal eigedom på 7670 mål som ligg på Nordmarka mellom Krokvatnet og Solåsvatnet. Husa på Vaulen er restaurert i 2002 - 2004 med ein omfattande dugnadsinnsats. Husa er gjort i stand til utleige for skuleklassar, firma etc.

Beskriving av Vaulen.
Surnadal kommune tok over eigedomen frå arvingane etter James Lawrence Chaworth Musters i 1978. Far til James, John Patrich Chaworth Musters kom til Surnadal som laksefiskar på Harang. Han kjøpte eigedomane på Vaulen i 1896, 1901 og 1911 og bygde nye hus på plassen rundt århundreskiftet.

Opprinneleg var Vaulen ein gard under Mo sokn som høyrde kongen til. På slutten av 1600-talet gikk eigdomsretten over til private. Etter 1723 er det ikkje registrert fastbuande på garden. Sæterhusa som i dag ligg vest for husa på Vaulen ligg omtrent på den staden der garden låg.

Surnadal kommune erverva eigedomen i 1978 og vart da sikra til friluftsområde gjennom statstilskot.

Fiskeretten som høyrer til Vaulen går inn under grunneigarlaga for vatna på Nordmarka som grensar inn til Vaulen.
Du kan kjøpe fiskekort ved bommen til vestre Nordmarksvegen eller ved sjølvbetening på låveveggen til  Geir Johnny Bjørnstad i Dalseggvegen.

Surnadal Jeger- fiskerforening disponerer småviltjakta. Storviltjakt skal ikkje drivast på eigedomen. SJJF vil gjere eit forsøk med opplæring av ungdom i bruk av våpen og jakt.

Husa på Vaulen vart sett i stand etter at kommunen tok over eigedomen og bygningane har vorte bruka til utleige for interesserte.

Sidan 2002 har Surnadal Jeger- og fiskeforening utført tradisjonell skjøtsel av kulturlandskapet der dei har stått ansvarleg for skjøtselen i tråd med rapporten "Eigedomen Vaulen på Nordmarka. Biologiske registreringar og forslag til skjøtsel av kulturlandskapet".

Huset som er i to etasjar har i andre etasje 6 soverom og 20 sengeplassar. Elles er det ca 10 ekstra madrassar.

Første etasje har stue/opphaldsrom, spiserom/kjøkken og dusj/vaskerom med varmt vatn. På vinters tid vil det ikkje vera tilgang på trykkvatn og følgeleg vil ikkje vaskemulegheita bli den same. Når det gjeld overnatting blir det nødvendig å ta med sengeklær/sovepose. Ved til oppvarming er inkludert i leigesummen. Når det gjeld koking fins det 4-bluss gasskomfyr m/steikeomn på kjøkkenet.

Det er montert 12 volts solcelleanlegg slik at det blir lys på alle rom.

Eistein Bæverfjord har laga ein film om markagarden Vaulen.

Bakgrunn.
I 2002 ga kommunestyret klarsignal om ein omfattande rehabiliterings- og utbetringsprosess. Bygningane på Vaulen har i løpet av dei dei 3 siste åra vorte opprusta og forholda er lagt betre til rette for m.a. aktivitetar for barn og ungdom. Det er no auka mulegheit for skuleklassar både for våre eigne skular og skular frå andre kommunar til å bruke Vaulen. Ein tenkjer her spesielt på forslaget frå oppvekststyret om sjølvbergingsskule som vil bli tilbydd kommunar frå fjærnt og nær. Vidare vil Fylkeslaget av Norges Jeger- og fiskerforbund etablere ein villmarkscamp for Nordmøre på Vaulen.
Det er også oppført naust med kanoar og båt og utstyr som høyrer til. Dette er gjort for å gi barn og ungdom eit ekstra aktivitetstilbod.
Med dei utbetringane og dei tilboda som er gjennomført vil også staden kunne føre til auka bruk av for eksempel firma og kommunale etatar til velferdsføremål. Sjå grunnplan av begge etasjene

Byggeperiode.
Verdien av utbetringane er på kr 1 853 973,00 og i tidsrommet vår/sommar 2002 til hausten 2004 er det utført eit omfattande arbeid med restaurering av husa. Det er utskifta utvendig panel, nye vinduer og ytterdører og ytterveggane er isolert. Det er pålagt nytt tak med torvtekking. Innvendig i begge etasjar er alt nytt med nye golv, nye veggar og himling med isolasjon. Ny kjøkkeninnreiing, vaskerom med dusj og varmt vatn. Solcellelys på alle rom, kjøleskap og gasskomfyr med steikeomn.

Vaulen framstår no som ein nyopppussa overnattingsstad med meget høg standard i eit framifrå friluftsområde.

Prosjektet er fullført etter planene og det er utført med stor dugnadsinnsats, ca 4000 timar. Det er gjeve spelemidlar frå stat og fylkesmann/fylkeskommune på tilsaman kr 865.000.-

Tilskot frå firma er på tilsaman kr 47.000.-

No når byggeperioden er over vil det bli etablert eit systematisk tilsyn med eigedomen slik at den til ei kvar tid er i orden. Ein tenkjer da spesielt på reinhald, behov for vedlikehald, reparasjonar, vedbehaldning, gassbehaldning og andre driftsmessige ting.

Bygg og miljø får ansvaret for desse funksjonane som og har ansvaret for drift og vedlikehald av Vaulen.

Utleige.
Når det gjeld leige av Vaulen er det fastsett nye satsar for bruk/overnatting.
Drifts- og marknadsplan samt utleigesatsar er godkjent i kommunestyret mars 2005.

Finansiering av drift.
Når det gjelder finansiering av drifta vil det i det vesentlegaste måtte baserast på leigeinntekter. Vidare vil kommunen få årlege inntekter for utleige til Norges jeger- og fiskerforbund til villmarkscampopplegget. Surnadal jeger- og fiskerforbund vil ta på seg skjøtsel av kulturlandskapet og dei tilskotsmidlane som dette utløyser vil falle tilbake på drifta av Vaulen. Det er og muleg å søke fylkesmannen om tilskot til drift.

Sist endret 21.01.2010
Vinter på Vaulen 5 | Fotograf: Even Sande
Vinter på Vaulen 5 fotograf Even Sande
Vinter på Vaulen 4 | Fotograf: Even Sande
Vinter på Vaulen 4 fotograf Even Sande
Vaulen
Vaulen
Vaulen 3
Vaulen 3