Barneverntenesta har arbeidsdagar i Halsa og Rindal. Dersom ein ønskjer å gjere avtalar med tenesta, vender ein seg til hovudkontoret i Surnadal. Barneverntenesta finn du i 2. etasje i "gammelbanken" på Skei.
Barneverntenesta sitt føremål:
Å sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.
Kva er barneverntenesta:
Barneverntenesta gir ein garanti for at alle born og unge blir sikra omsorg, tryggleik og moglegheit for utvikling. Deira spesielle oppgåve er å ta vare på dei mest utsatte borna, beskytte born og unge mot omsorgssvikt og motverke at born og unge lider fysisk og psykisk overlast.
Barneverntenesta sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Ho skal gi støtte og hjelp for at heimen skal klare sitt omsorgsansvar, men har også plikt til å gripe inn om dette ikkje nyttar.
Lov om barneverntenester:
Barneverntenesta sine oppgåver og ansvar finn vi i Lov om barneverntenester (barnevernlova).
Kven får tenesta:
Tiltak kan settast i verk for born og unge frå 0 -18 år som oppheld seg i kommunen. Viss den unge samtykker, kan tiltak som er iverksatt før fylte 18 år, oppretthaldast inntil fylte 23 år.
Kven kan henvende seg:
Alle kan henvende seg til barneverntenesta på vegne av born og unge, der det er mistanke om forhold som kan gi grunnlag for tiltak etter barnevernlova. Offentleg tilsette har plikt til å melde frå til barneverntenesta, utan hinder av teieplikta, når dei har ei alvorleg bekymring knytt til omsorg eller atferd hos born/unge.
Barneverntenesta sine arbeidsoppgåver:
Barneverntenesta skal snarast, og seinast innan ei veke gjennomgå innkomne meldingar, og vurdere om meldinga skal henleggast eller bli fulgt opp med ei undersøking. Dersom ein går vidare med ei undersøking, har barneverntenesta ein frist på 3 mnd. til å gjennomføre ho. Undersøkinga skal ikkje gjerast meir omfattande enn føremålet tilseier.
Barneverntenesta kontaktar ofte meldar for å få fleire opplysningar kring forholdet. Deretter innkallar ein foreldra til 1. samtale, der dei får vite kva som står i meldinga. Så innhentar ein kjennskap til bornet / familien, dette kan t.d. vere barnehage, skule, PPT, BUP, lege, helsestasjon, lensmann osv.
Etter at barneverntenesta har fått nødvendige opplysningar, går ein gjennom dem og vurderer om ein skal henlegge saka eller ein skal sette i verk tiltak i familien som kan hjelpe situasjonen kring bornet / familien.
Tiltak:
Førebyggjande tiltak:
Som regel er det best å vokse opp i sin eigen heim. Barneverntenesta skal alltid først vurdere om det er mogleg å hjelpe familien til å fungere betre med førebyggjande tiltak:
- Råd og vegleiing, t.d. heimekonsulent
- Økonomistøtte, t.d. fritidsaktivitetar til bornet
- Barnehageplass eller plass i SFO
- Støttekontakt
- Besøksheim / avlastingsheim
Plassering utanfor heimen:
Det er først viss ikkje hjelpetiltak fører fram at det kan vere aktuelt å plassere bornet utanfor heimen. Dette kan skje med eller utan samtykke frå foreldra. Plassering utan samtykke frå foreldra skjer berre i heilt spesielle høve. Det må derfor liggja føre sterke grunnar før ein fattar slikt vedtak.
Dersom foreldra og barneverntenesta er samde i at barnet bør bli plassert utanfor heimen for ein periode, kan dette skje utan at barneverntenesta formelt sett tek over omsorga for bornet. Dersom foreldra ikkje er samde, må barneverntenesta fremje sak om omsorgsovertaking for fylkesnemnda. Den statlege fylkesnemnda avgjer da saka. Dei mest vanlege omsorgstiltaka er fosterheim og institusjon.
Nettstaden Barnevernet.no
Nettressursen barnevernet.no er oppretta for alle som jobbar innan / studerer eller ønskjer informasjon om barnevernet i Norge. Denne sida blir drive av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og er kvalitetssikra av ei referansegruppe beståande av representantar frå KS, NOBO, Landsforeningen for Barnevernsbarn, Norsk Fosterhjemsforening, Barneombudet (assosiert medlem) og Ski barneverntjeneste. På nettstaden vil studentar og fagmiljø o.a. innan barnevern ha moglegheiten til å nytta seg av ei samle plattform med tilgang til bl.a. forskning innan barnevernsfeltet, relevant statistikk og gjeldande lovverk frå Lovdata.