Sommarles 1. juni - 31. augustBli med på biblioteka si lesekampanje for barn! Lenke til Sommarles.noSommarles er ein lesekampanje for barn på 1. til 7. trinn, inkludert dei som byrjar på skulen i august.I juni, juli og august kan ein registrere tida ein brukar på å lese på nettsida til Sommarles (lese sjølv, høgtlesing, lydbok).Det er gratis å delta, og barna gjer seg fortent til premiar som dei hentar på biblioteket på level 10, 20, 30, 40 og 50.Ein kan lese sommarles-forteljinga på sommarles.no. Den kjem som tekst og lydbok. Du kan og legge inn eit kodeord kvar veke. Desse finn du på Surnadal bibliotek, og det kjem nytt kodeord kvar måndag. OBS! Premiane på level 40 og 50 deler vi kun ut til barn frå eigen kommune. Målet er å motivere barna til å lese av eiga lyst. Det skal være gøy for barn å lese, også for dei som ikkje er så ivrige fritidslesarar i utgangspunktet. Det viser seg at barn som deltek på Sommarles opprettheld leseferdigheitane sine betre gjennom den lange sommarferien.Lytting til lydbøker og høgtlesing tel også! Spør gjerne på biblioteket etter bøker å låne, og sjekk ut appen vår Biblio som har e-bøker og lydbøker.Meir om Sommarles: Sjå altom.sommerles.no Publisert 01.06.2026 11:15 Sist endret 01.06.2026 11:15