Interkommunalt barnevern for Halsa, Rindal og Surnadal

Frå 1. september 2010 er barnevernet i Halsa, Rindal og Surnadal samla i ei felles interkommunal teneste med hovudkontor i Surnadal.

Kontakt med tenesta for alle kommunane skal rettast til hovudkontoret i Surnadal, Bårdshaugvegen 5.

Telefon: 71 65 59 00 eller sørviskontoret 71 65 58 00.
Opningstid: 08.00 - 16.00 (15.30 sommartid).

Barnevernet i Halsa, Rindal og Surnadal har vakttelefon på ettermiddag og helg.
Ved akutt behov for barneverntenester utanom ordinær kontortid ring:

Barnevernvakta i Trondheim på tlf.  02800 eller

Alarmtelefonen for barn og unge:

Logo -Alarmtelefonen for barn og unge - Klikk for stort bilde

 


 


 

 

Legevaktsentralen: 72 48 01 00.

Politiet: 02800.

Kontakt med Politiet også på desse nummera:


Nordmøre og Romsdal politidistrikt, telefon 71 58 90 00
Surnadal og Rindal lensmannskontor, telefon 71 65 87 50
Halsa lensmannskontor, telefon 71 55 99 50

Alle born og unge skal ha eit nummer dei kan ringe når dei er i krise.

Alarmtelefonen 116 111 er gratis.

Alle telefonar blir besvart av vaksne som har lang erfaring i å hjelpe born og unge, også vaksne som er bekymra for born og unge - eller har mistanke om at dei blir utsett for vald og  overgrep, kan ringe Alarmtelefonen. Han er open kvar dag heile døgnet.

Barneverntenesta har arbeidsdagar i Halsa og Rindal.  Dersom ein ønskjer å gjere avtalar med tenesta, vender ein seg til hovudkontoret i Surnadal.  Barneverntenesta finn du i 2. etasje i "gammelbanken" på Skei.

Barneverntenesta sitt føremål:
Å sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.  Å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.

Kva er barneverntenesta:
Barneverntenesta gir ein garanti for at alle born og unge blir sikra omsorg, tryggleik og moglegheit for utvikling.  Deira spesielle oppgåve er å ta vare på dei mest utsatte borna, beskytte born og unge mot omsorgssvikt og motverke at born og unge lider fysisk og psykisk overlast.

Barneverntenesta sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll.  Ho skal gi støtte og hjelp for at heimen skal klare sitt omsorgsansvar, men har også plikt til å gripe inn om dette ikkje nyttar.

Lov om barneverntenester:
Barneverntenesta sine oppgåver og ansvar finn vi i Lov om barneverntenester (barnevernlova).

Kven får tenesta:
Tiltak kan settast i verk for born og unge frå 0 -18 år som oppheld seg i kommunen.  Viss den unge samtykker, kan tiltak som er iverksatt før fylte 18 år, oppretthaldast inntil fylte 23 år.

Kven kan henvende seg:
Alle kan henvende seg til barneverntenesta på vegne av born og unge, der det er mistanke om forhold som kan gi grunnlag for tiltak etter barnevernlova.  Offentleg tilsette har plikt til å melde frå til barneverntenesta, utan hinder av teieplikta, når dei har ei alvorleg bekymring knytt til omsorg eller atferd hos born/unge.

Barneverntenesta sine arbeidsoppgåver:
Barneverntenesta skal snarast, og seinast innan ei veke gjennomgå innkomne meldingar, og vurdere om meldinga skal henleggast eller bli fulgt opp med ei undersøking.  Dersom ein går vidare med ei undersøking, har barneverntenesta ein frist på 3 mnd. til å gjennomføre ho.  Undersøkinga skal ikkje gjerast meir omfattande enn føremålet tilseier.

Barneverntenesta kontaktar ofte meldar for å få fleire opplysningar kring forholdet.  Deretter innkallar ein foreldra til 1. samtale, der dei får vite kva som står i meldinga.  Så innhentar ein kjennskap til bornet / familien, dette kan t.d. vere barnehage, skule, PPT, BUP, lege, helsestasjon, lensmann osv.
Etter at barneverntenesta har fått nødvendige opplysningar, går ein gjennom dem og vurderer om ein skal henlegge saka eller ein skal sette i verk tiltak i familien som kan hjelpe situasjonen kring bornet / familien.

Tiltak:
Førebyggjande tiltak:
Som regel er det best å vokse opp i sin eigen heim.  Barneverntenesta skal alltid først vurdere om det er mogleg å hjelpe familien til å fungere betre med førebyggjande tiltak:
- Råd og vegleiing, t.d. heimekonsulent
- Økonomistøtte, t.d. fritidsaktivitetar til bornet
- Barnehageplass eller plass i SFO
- Støttekontakt
- Besøksheim / avlastingsheim

Plassering utanfor heimen:
Det er først viss ikkje hjelpetiltak fører fram at det kan vere aktuelt å plassere bornet utanfor heimen.  Dette kan skje med eller utan samtykke frå foreldra.  Plassering utan samtykke frå foreldra skjer berre i heilt spesielle høve.  Det må derfor liggja føre sterke grunnar før ein fattar slikt vedtak.

Dersom foreldra og barneverntenesta er samde i at barnet bør bli plassert utanfor heimen for ein periode, kan dette skje utan at barneverntenesta formelt sett tek over omsorga for bornet.  Dersom foreldra ikkje er samde, må barneverntenesta fremje sak om omsorgsovertaking for fylkesnemnda.  Den statlege fylkesnemnda avgjer da saka.  Dei mest vanlege omsorgstiltaka er fosterheim og institusjon.

Nettstaden Barnevern
Nettressursen Barnevern er oppretta for alle som jobbar innan / studerer eller ønskjer informasjon om barnevernet i Norge.  Denne sida blir drive av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og er kvalitetssikra av ei referansegruppe beståande av representantar frå KS, NOBO, Landsforeningen for Barnevernsbarn, Norsk Fosterhjemsforening, Barneombudet (assosiert medlem) og Ski barneverntjeneste.  På nettstaden vil studentar og fagmiljø o.a. innan barnevern ha moglegheiten til å nytta seg av ei samle plattform med tilgang til bl.a. forskning innan barnevernsfeltet, relevant statistikk og gjeldande lovverk frå Lovdata. 

Interkommunal barnevernteneste - tilsette
Interkommunal barnevernteneste - tilsette
NamnRolleTelefonEpost
Stig KalstadEiningsleiar90648663stig.kalstad@surnadal.kommune.no
Janne BolmeBarnevernkonsulent90094073janne.bolme@surnadal.kommune.no
Kristin BørsetBarnevernkurator46951113kristin.boerset@surnadal.kommune.no
Ingrid WaagenBarnevernkurator90206731ingrid.waagen@surnadal.kommune.no
Mari TodalshaugBarnevernkurator48074731mari.todalshaug@surnadal.kommune.no
Berit Bolme ReitanBarnevernkurator91723457berit.bolme.reitan@surnadal.kommune.no
Rita ÅrnesBarnevernkurator90235843rita.arnes@surnadal.kommune.no
May Tordis FjærvikSosialkurator48236452may.tordis.fjaervik@surnadal.kommune.no
Marit GrønnesSosialkurator48893871marit.gronnes@surnadal.kommune.no
Eva R. Hagen Miljøarbeidar97439111erh@surnadal.kommune.no
Eva Øye SandeSekretær91246895eva.sande@surnadal.kommune.no
Vibeke LøftenRådgjevar94854540vibeke.loften@surnadal.kommune.no
Sist endret 18.01.2017 08:32
Fant du det du leita etter?