Helsestasjon

Helsesøster - Klikk for stort bilde

Oppgåvene våre er i hovudsak knytt til helsestasjons- og skulehelsetenesta, og hovudmålgruppa vår er barn og ungdom 0 - 20 år og deira foreldre. Vi har også oppgåver innan miljøretta helsevern og smittevern.

Vi held til i Familiens Hus, Bårdshaugvegen 5, 6650 Surnadal.
Kommunehusets opningstid.

Kva tilbyr vi?

Helsestasjon i Surnadal kommune omfattar

Helsestasjonsteneste
Skulehelseteneste
Helsestasjon for ungdom
Barsel og jordmorsteneste
Vaksinering

Helsesøstertenesta skal vere med å

- fremje psykisk og fysisk helse
- fremje gode sosiale og miljømessige forhold
- førebyggje sjukdommar og skadar

For å ivareta oppgåvene, samarbeider vi med jordmor, lege, fysioterapeut, PPT og med andre kommunale tenester, spesielt innan oppvekst- og sosialeininga.

Vi som jobbar i helsesøstertenesta er:

Heidi Elnes Fiske, leiande helsesøster. Tlf. 481 83 652

Hildegunn Kvendset Andersen, helsesøster. Tlf. 482 14 672
Bodil Nes, helsesøster. Tlf. 482 25 149

Kikki Hoem, sekretær.  Tlf. 482 37 261
Gunn Eline Børmark, helsestasjonslege og skolelege

Helsestasjonen

Helsestasjonen er eit lågterskeltilbod, der foreldre kan ta kontakt om små og store bekymringar og spørsmål når det gjeld barn. Dei fastlagte kontaktane er slik:

- Heimebesøk 1 - 2 veker etter heimkomst frå fødeavdelinga

- 2-4 veker: Kontakt med helsesøster
- 6 veker:  Kontakt med helsesøster og med lege
- 3 mnd: Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
- 4 mnd: Kontakt med helsesøster og med fysioterapeut
- 5 mnd: Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
- 6 mnd: Kontakt med helsesøster og med lege
- 7/8 mnd: Kontakt med helsesøster
- 10 mnd:  Kontakt med helsesøster
- 1 år: Kontakt med helsesøster og med lege/vaksinasjon
- 15 mnd:  Kontakt med helsesøster/vaksinasjon
- 18 mnd: Kontakt med helsesøster
- 2 år: Kontakt med helsesøster og med lege
- 4 år:  Kontakt med helsesøster

Vaksinene er omtalt i eige hefte frå Folkehelseinstituttet som blir utdelt på helsestasjonen.

FØDSELS - OG FORELDREFØREBUANDE KURS blir halde ca. 3 gonger i året i samarbeid med jordmor og fysioterapeut. Kurset er gratis. Påmelding hos helsesøster og jordmor.

Skulehelseteneste

Alle skulebarn mellom 5 - 20 år kjem inn under skulehelsetenesta sitt arbeidsområde. Skulehelsetenesta skal føre vidare det arbeidet som starta på helsestasjonen. Skulehelsetenesta skal i samarbeid med skulen sitt personale, elevar og foreldre skape ein helsefremjande skole, med vekt på helse, trivsel og sikkerheit.

Det er mest helsesøster som arbeider i skulehelsetenesta. Vi har open trefftid på dei 3 største skulane i kommunen:

Øye skule: torsdagar: 11.00 - 13.00
Surnadal ungdomsskule: torsdagar: 10.00 - 11.30
Surnadal vidaregåande skule: onsdagar: 09.00 - 11.00 og torsdagar 12.00 -13.30

På dei andre skulane er det inga fast trefftid, men det er høve til å ringe helsestasjonen.

Plan for skulehelsetenesta er slik:
- Førskolebarn, Kontakt med helsesøster og lege
- 2. klasse: Vaksinasjon
- 3. klasse: Målretta helseundersøking og helseopplysning i grupper. Vekt -og lengdemåling.
- 5. klasse: Helseopplysning i grupper
- 6. klasse: Vaksinasjon
- 7. klasse: Vaksinasjon
- 8. klasse: Målretta helseundersøking og helseopplysning i grupper. Vekt-og lengdemåling.
- 10. klasse: Vaksinasjon

Kvar skule har si helsesøster:
-Todalen og Stangvik oppvekstsenter - Hildegunn Kvendset Andersen
-Mo oppvekstsenter - Bodil Nes
-Øye skule - Bodil Nes
-Bøfjorden og Bæverfjord  oppvekstsenter - Bodil Nes
-Surnadal ungdomssskule - Heidi Elnes Fiske
-Surnadal vidaregåande skole - Heidi Elnes Fiske

 

Sist endret 05.07.2017 08:33
Fant du det du leita etter?