PP-teneste

Kontakt PP-kontoret på tlf.  71 65 78 80.

KVEN ER VI?    
                                                                                               

Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk psykologisk teneste (Opplæringslova §5-6). PPT er ein del av det kommunale støtteapparatet for barn, unge og vaksne. Surnadal, Rindal og Halsa kommunar samarbeider om denne tenesta.
Tenesta er gratis.

Vi som er tilsette har taushetsplikt. Vi samarbeider med andre hjelpeinstansar der det er nødvendig. I tenesta er det tilsett ein spesialpedagog og fem pp-rådgjevarar. Vi har 5,5 fagstilling og 80% kontorsekretær.


ANSVARSOMRÅDE:  
                                                                              

Tenesta skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det (Opplæringslova §5-6).

Kontoret skal yte tenester i forhold til barn, unge og vaksne med særlege behov. Vi skal sjå til at dei får god utgreiing og vurdering for å utvikle opplæringstilbod der det blir lagt vekt på personleg utvikling og livskvalitet.

PPT skal hjelpe skulen med kompetanseheving og utviklingsarbeid med sikte på å utvikle eit godt læringsmiljø for elevane.

PPT arbeider med å førebygge, avdekkje og avhjelpe følelsesmessige vanskar og lærevanskar.

Tenesta gir tilråding om rett til spesialundervisning for barn og vaksne/spesialpedagogisk hjelp til førskulebarn.


KVA KAN VI HJELPE MED?                                                                   

Dersom barnet ditt slit med lærevanskar eller følelsesmessige vanskar kan vi hjelpe med:

- Støtte og veiledning til foreldre om barns trivsel og utvikling 
- Bidra til at barn får tilpassa opplæring i barnehage/skule
- Bidra til at barn får hjelp frå andre tenester ved behov 


ARBEIDSMÅTAR:                                                                                              

Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:

- Samtale med barnet sjølv
- Samtale med foreldre
- Samtale med barnehage/skule
- Observere barnet i ulike situasjonar
- Teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar

Vi gir tilbakemelding til foreldre/barn og barnehage/skule om kva slags kunnskap kartlegginga har gitt oss.


Drøfting av kva tiltak ein til dømes kan sette i verk:

- Veiledning/tilråding om tilrettelegging for meistring i barnehage/skule
- Veiledning til heimen
- Direkte arbeid med barnet
- Vidarehenvisning til 2. linjetenester
- Samarbeid med andre lokale instansar

Tilsette ved PP-kontoret
TilsettStillingE-post
Marit Syrstad Stavneleiarmarit.syrstad.stavne@pptnordmore.no
Oddrun HarangPP-rådgjevaroddrun.harang@pptnordmore.no
Turid Hals SætherPP-rådgjevarturid.hals.sether@pptnordmore.no
Kari HamnesPP-rådgjevarkari.hamnes@pptnordmore.no
Anita StavikPP-rådgjevaranita.stavik@pptnordmore.no
Marte DalseggPP-rådgjevarmarte.dalsegg@pptnordmore.no
Britt Dalseggkonsulentbritt.dalsegg@pptnordmore.no
Sist endret 09.06.2015 10:33
Fant du det du leita etter?