Skule og SFO

Øye skule - Klikk for stort bilde

Surnadal kommune har 6 skular, 5 barneskular og 1 ungdomsskule. Det er SFO - tilbod ved alle barneskulane. Nokre av desse tilboda blir gjevne saman med barnehagen i oppvekstsenteret.

Søknad om innskrivingSøknad om plass på SFOSøknad om fri frå undervisning

Fronter

Alle grunnskolane i kommunen har innført Fronter som digital læringsplattform. Her kan elevar og føresette finne vekeplaner, informasjon om fag,  og anna nytt frå skulane. Elevane vil òg kunne gjere deler av skulearbeidet sitt her.

Foreldre loggar på med mobilnummeret sitt, og det passordet dei har fått frå skulane. Første gongen foreldra loggar på, blir dei bedne om å lage eit nytt, sjølvvald passord. Dersom ein har gløymd passordet, kan ein trykkje ”glemt passordet?” på innloggingssida, og få eit nytt.

Dersom passordet frå skulen ikkje virkar, må ein sende problemet i mail til IT-avdelinga i kommunen: ikt-skule@surnadal.kommune.no. Du vil få svar så snart problemet er oppklart.

Gå til Fronter

 

Nettadressa til Fronter er: fronter.com/orkide

 

Forvaltningsorgan
Kommunalsjef med ansvar for barnehagar og skular er øvste leiar for grunnskulane. Hovudutval for oppvekst uttalar seg i skulesaker og behandlar klager. Kommunestyret fastset vedtekter for SFO, skuleskyss og foreldrebetalinga i SFO. Kvar skule/oppvekstsenter har eit skulemiljø- og samarbeidsutval som skal vere rådgivande, kontaktskapande og samordnande.

Innskriving
Kvar vår blir nye 1.trinnselevar kalla inn gjennom eige brev til innskriving ved barneskulane. Før oppmøte på skulen, ber vi foreldra om å fylle ut det digitale innskrivingsskjemaet du finn her

Flytting til / frå skulane
Ved flytting frå ein skulekrins i kommunen til ein annan, tek du kontakt med rektor ved skulen der barnet ditt går for å få laga flyttemelding. Dette gjeld også dersom du flyttar frå ein annan kommune. Før flyttemelding blir laga, må du vite kva ny skule barnet ditt skal gå på. Dersom du ønskjer at barnet ditt skal fortsetje på den skulen det går, sjølv om de har flytta til ein annan skulekrins, må du sende søknaden til kommunen om dette.

Ved flytting frå utlandet, tek du kontakt med rektor ved den skulen i Surnadal som du meiner er aktuell for å få vidare informasjon om innskriving m.m.

SFO
Ved spørsmål om søknad / oppseiing m.m. til SFO, bed vi om at du tar kontakt med den skulen det gjeld.
 

Sist endret 23.05.2017 14:04
Fant du det du leita etter?