Personvern

Når du brukar nettsidene våre, legg nettlesaren din igjen elektroniske spor og informasjon. Informasjonen blir nytta til å betre innhaldet på nettsidene og dei kommunale tenestane. Personvernerklæringa fortel kva som blir samla inn, og korleis vi brukar informasjonen.

Personvernerklæring

 

Rett til personvern og taushetsplikt 

Alle som utfører teneste på våre nettsider, plikter å hindre at andre får adgang eller kjennskap til det han eller ho får vite om nokon sine personlege forhold. Dette gjeld og andre opplysningar som skal haldast hemmelig av hensyn til den som opplysninga gjeld. I enkelte saker er taushetsplikta særleg streng. 

 

Lov om behandling av personvern 

Denne personvernerklæringa følger bestemmelsane i personopplysningslova med tilhørande forskrift.

 

Rett til informasjon om behandlinga av personopplysningar 

Alle som ber om det, skal få vite korleis opplysningane om eigen person blir behandla. Du kan henvende deg til oss og be om å få vite kva slags opplysningar dei har om deg, kva dei blir brukt til, og kor dei er innhenta frå. 

 

Du skal kunne kreve at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg blir retta 

Dersom du oppdagar mangelfulle eller feilaktige opplysningar om deg sjølv, ber vi om at vi får melding om dette. 

 

Du kan kreve at unødvendige opplysningar om deg blir sperra eller sletta

Vi slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for formålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast i henhald til anna lovgiving, for eksempel regnskapslova og arkivlova.

 

Vidareformidling 

Personopplysningar skal ikkje videreformidlast til tredjepart utan at du har samtykka til dette. 

 

Informasjonssikkerhet 

Vi har etter personopplysningslova ansvar for å sørgje for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra.  Vi har system og rutinar som sørgjer for at kun dei som har et tenestleg behov får tilgong til opplysningane. Vidare sikrar vi at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette. 

 

Informasjonskapslar (Cookies) på våre nettsider

Vi brukar informasjonskapslar for å analysere det generelle brukermønsteret på våre nettsider.

Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plassert på di datamaskin når du lastar ned ei nettside.
Innhaldet i informasjonskapslane blir utveksla mellom di datamaskin og våre nettsider kvar gong du ser på ei nettside. Kapslane sørgjer for at nettstedet fungerar best mogleg.

Ingen personleg eller identifiserande informasjon blir lagra og vi kan ikkje identifisere enkeltbrukarar. I forhold til den norske Ekom-lova er samtykke gitt så lenge innstilingar i nettlesaren er satt til å godta informasjonskapslar og det finnes informasjon om bruk av desse på nettsida.

Du kan hindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina ved å endre innstillingane i nettlesaren.


Google Analytics

Informasjonskapselen samlar inn informasjon for statistikk om bruk av nettsider. Dette for at kommunen skal kunne optimalisere sidene og gjere dei enklare for brukaren. Kommunen får informasjon om kva sider som er mest besøkt, kor brukarane kjem frå, på kva tidspunkt sidene er mest besøkt og så vidare.

Personvernreglar google analytics.

 

Siteimprove

Informasjonskapselen samlar inn informasjon for statistikk om bruk av nettsider. Dette for at kommunen skal kunne optimalisere sidene og gjere dei enklare for brukaren. Kommunen får informasjon om kva sider som er mest besøkt, kor brukarane kjem frå, på kva tidspunkt sidene er mest besøkt og så vidare.

Personvernreglar Siteimprove.

 

Korleis unngå informasjonskapslar

Dersom du ønskjer at informasjonskapslar skal bli avvist, kan du endre innstillingane i nettlesaren din slik at du enten blokkerar informasjonskapslar frå å bli lasta ned automatisk, eller at du får eit val om å laste ned kvar enkelt informasjonskapsel. Informasjonskapslar som har blitt lasta ned tidligare kan og bli sletta frå nettlesaren.

Meir informasjon om framgangsmåten kan du finne på nettvett.no.

Dersom du ikkje ønsker at informasjonskapslar skal bli benytta, må du unnlate å besøke nettstedet.