Surnadal sentrum

Sentrum - Klikk for stort bilde Surnadal kommune arbeider med ny sentrumsplan. Gjennom planarbeidet vil ein legge vilkåra til rette for auka trivsel og utvikling til beste for beboarar, tilreisande og næringsliv:


  • Utvikle identiteten og attraktiviteten til Surnadal sentrum som regionsenter og handelssenter.
  • Auka trivsel gjennom betre trafikkavvikling og tilrettelegging av utbyggingsareal, møteplassar og grøntareal.
  • Bidra til estetisk og miljømessig kvalitetssikring av bygningar, vegar og uteareal.
  • Sikre tilgjengelighet for alle gjennom universell utforming av bygningar, trafikkområde og møteplassar.
  • Skape eigarforhold til planen hos innbyggjarane.
  • Snu fraflytting og folketalsnedgang til tilflytting og folketalsoppgang.

Det vart i 2010 gjennomført ein arkitektkonkurranse for sentrumsplana. Bjørbekk og Lindheim Landskapsarkitekter vann konkurransen med sitt prosjekt "No skin de sol! (PDF, 11 MB)"

Bjørbekk og Lindheim Landskapsarkitekter i samarbeid med April Arkitekter arbeider no vidare med sentrumsplana med bakgrunn i hovedtrekka frå vinnarprosjeket.

Kommunestyret vedtok hovedtrekka i plana den 15.09.1011. Ny behandling i kommunestyret blir på februar 2012.

Skisser og modellar av planforslaget (PDF, 6 MB)

Andre planar
Ansvarlig Håvard Stensønes. Sist endret 15.07.2014 10:46
Fant du det du leita etter?