Sikker digital post til innbyggjarar og næringsliv på Nordmøre

I desse dagar blir ein nasjonal kampanje lansert som oppmodar deg til å velje ein personleg digital postkasse. I løpet av året vil kommunar og statlege verksemder i aukende grad sende brev digitalt. Kommunane på Nordmøre har allereie starta med å sende til sikker digital postkasse. Du kan no velje å samle alle brev frå det offentlege i din sikre digitale postkasse med pålogging via for eksempel bankID på mobil. Dette er trygt, det er gratis og det er miljøvennleg. Er du klar til å motta svar på barnehagesøknad, svar på byggesøknad og andre brev digitalt? 

Kvart år sender offentleg sektor ut om lag 8 brev per innbyggjar, som tilsvarar 40 millionar brev per år. Papirmengda tilsvarar daglege utslepp frå 250 000 personbilar. Å sende desse breva kostar rundt 400 millionar kroner, pengar som eksempelvis heller kunne vore brukt til 655 lærarårsverk eller 668 sjukepleiarårsverk eller 2736 barnehageplassar. Regjeringa ønskjer å endre på dette ved å sende digital post til din digitale postkasse på ein sikker, miljøvennleg og ikkje minst raskare måte.

IKT ORKidé
Alle kommunar i IKT ORKidé-samarbeidet på Nordmøre begynte å ta i bruk løysinga for sikker digital postkasse tidleg i 2015 og har allereie sendt rundt 15 000 brev til innbyggjarar og næringsliv. Du er kanskje ein av dei som har mottatt brev i Altinn frå kommunen, der du fekk varsel på SMS først? Kva tyder dette for meg? Kva er ein digital postkasse? Kvifor sender dei ikkje brevet til min epost? Kanskje du vil ha det på papir? Her har du ein del alternativ som du sjølv kan velje i.

Norsk lov og tryggleik
Å sende digitalt er besparande med tanke på papir og miljø og dei fleste er allereie digitalt aktive på mobil, nettbrett og pc, så ein tenkjer kanskje at dette ikkje er noko nytt. Det som er nytt er at du kan velje din sikre digitale postkasse innanfor krava til tryggleik. I følge norsk lov er det ikkje lov å sende brev med personsensitivt innhald på epost, fordi vanleg epost ikkje er sikkert nok. Eksempel er brev med helseopplysningar, innhald unntatt offentleg innsyn og anna sensitivt innhald.

Korleis fungerer dette i praksis for deg?

Det finst 3 sikre digitale postkassar som innbyggjarane kan nytte i Norge:

  • Altinn, som dei fleste allereie har brukt for å lese skatteoppgjer og sjølvmeldinga.
    Kommunane sender brev hit dersom du ikkje har vald noko anna.
  • Digipost, som er eigd av den norske post.
  • E-boks, som er eigd av den danske post.

Dersom du ikke gjer noko aktivt sjølv, vil brev frå kommunen fortsatt bli sendt til Altinn. Dersom du veljer Digipost eller e-Boks blir breva sendt til din valde postkasse. Du kan bytte mellom Digipost og e-Boks utan ekstra kostnad dersom du vil prøve. Du må ha fylt 15 år for å registrere deg som brukar.

Dette kan verke forvirrande og kritikarar spør kvifor det ikkje finst kun ein sikker digital postkasse? Grunnen til at Digipost og e-Boks kjem i tillegg til Altinn, er at du som innbyggjar sjølv skal skal kunne velje postkasse samt at departementet ønskte å gå ut på ope anbud for å gi konkurranse til tilbydarane.  Difi, som er nasjonalt ansvarleg for sikker digital postkasse ønskjer på sikt at alle innbyggjarar skal bruke Digipost eller e-Boks og at Altinn kun skal brukast av næringslivet.  

Du mottar varsel på SMS og e-post
Ved å registrere e-postadresse og mobilnummer i din digitale postkasse vil du motta varsel kvar gong det offentlege sender deg eit brev. Du logger da inn via ID-porten og veljer for eksempel bankID eller BankID på mobil. Dei fleste bruker allereie BankID på sin nettbank. Du kan også logge på med MinID, men da får du kun opna og lest ikkje-graderte brev (brev med heimel). For å lese brev med sensitiv personinformasjon må du bruke ein av dei andre valga i ID-porten. Systemet vil automatisk varsle deg om dette.

Næringsliv
Det offentlege sender også digitalt til alle som har eit organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra. Dette gjeld firma, verksemder, lag og foreninger. Forskjellen er at desse ikkje kan velje digital postkasse sjølv, men er lovpålagt å bruke Altinn og kan ikkje reservere seg mot digital sending.

Reservasjonsrett
Å motta brev digitalt frå det offentlege er ei frivillig ordning. Dersom du ikkje har brukt Altinn i løpet av dei to siste åra og ikkje har vald postkasse (Digipost eller e-Boks), er du reservert og mottar brev på papir som før. Dersom du har brukt ein av de tre postkassane og ønskjer å reservere deg, må du sjølv kontakte www.norge.no eller ringe 800 30 300. Dette betyr i praksis at ein del av den godt vaksne befolkninga allereie er reservert og vil motta brev på papir akkurat slik som før.

IKT ORKidé
Ei eiga prosjektgruppe i IKT ORKidé- kommunane innførte løysinga allereie i 2014 og har gitt opplæring til fleire hundre saksbehandlarar. Følgjande kommunar tilbyr nå sikker digital post til sine innbyggjarar og næringsliv: Aure, Averøy, Eide, Fræna, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Nesset, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. No i februar blir det køyrd ein nasjonal informasjonskampanje for at fleire skal ta i bruk sikker digital post. På nettstaden www.velgdigitalpostkasse.no  finn du utfyllande informasjon om kva ein sikker digital postkasse er og korleis ein brukar løysinga.

Nordmøringar er no ein del av EU sin digitale agenda
Digital agenda 2020 er navnet på EU sin langsiktige strategi for å effektivisere offentleg sektor. Sikker digital post til innbyggjarane og næringslivet er eit av mange målområde. Danmark er leiande i Europa på digitalisering og har brukt e-Boks til sine innbyggjarar i fleire år.

Vi er med på den digitale utviklinga, og digital postkasse er eit prosjekt som gir miljøgevinstar ved å kutte papir, det kan gi store innsparingar i kommunen, og sist men ikkje minst gir det betre og raskare service til deg som innbyggjar og til det lokale næringslivet.  For kvart brev du les digitalt frå kommunen, har du bidratt til ei innsparing på om lag 35 kroner.

Slik kan du bidra
Vi oppmodar alle som ønskjer å bidra til å velje sin digitale postkasse ved å gå inn på www.velgdigitalpostkasse.no.

Fleire og fleire brev vil bli sendt digitalt frå det offentege framover, og om vi lukkast - er avhengig av deg.


Med vennleg helsing prosjektgruppa Sikker digital post i IKT ORKidé.
 

 

 
 
Publisert av Mariann Hoset. Sist endret 17.02.2016 09:02
Fant du det du leita etter?