Tildeling av vegnamn og husnummer i Surnadal kommune

 Kartverket har vedteke at det skal tildelast offisielle vegadresser i heile landet. Det er mange og store fordelar med presise adresser, både for utrykkingskjøretøy, distribusjon og anna offentleg eller privat tenesteyting.Tildeling av husnummer - Klikk for stort bilde

 

Vegnamn og adressetildelingar i Surnadal kommune (PDF, 36 kB)

Kva er ei offisiell adresse?

  • Ei adresse som seier kvar staden ligg
  • Eit vegnamn, husnummer og eventuelt bustadnummer.
  • Gardsbruk kan søkje kommunen om å få med gardsnamnet som adressetilleggsnamn jamfør matrikkelforskrifta § 54.
  • Adressa skal hjelpe besøkande, redningstenester og andre å finne fram.

 

Kva er ei adresseeining?

  • Alle bustader, bedrifter og hytter, vert definert som ei adresseeining.
  • Adresseeininga vert tildelt ei offisiell adresse sett saman av vegnamn og husnummer.
  • Er det fleire einingar med same ytterdør nyttar ein i tillegg eit bustadnummer.

 

Kva er eit bustadnummer?

  • I bygningar med fleire bustader skal kvar bustad ha eit eige bustadnummer.
  • Ved flytting til eller frå ein bustad med bustadnummer, gjev ein dette nummeret til Folkeregisteret saman med adressa.

 

Val av offisielt vegnamn

  • Kommunestyret – namnenemnda vedtek vegnamn og områdenamn.

 

Korleis vert nummer tildelt?

  • Eininga for Areal- og naturforvaltning tildeler husnummer og bustadnummer.
  • Hovudregelen er at hus på venstre side av vegen får partalsnummer (2,4,6,..), og husa på høgre sida får oddetalsnummer (1,3,5,..). Mest bruka i bustadfelt.
  • Hus i sidevegar utan eige namn vert nummerert som vist i figuren nedanfor.

Figur over vegnamn og husnummer - Klikk for stort bildeFigur over vegnamn og husnummer

  • Ved spreidd busetnad nyttar ein avstandsnummerering der det vert sett av husnummer per 10 meter veg. Til dømes får eit hus som har avkjøring på høgre sida 2570 meter frå startpunktet på vegen 257. Ligg huset på venstre sida får det 258. Ligg avkjørsla 13 km frå startpunktet, får bustaden 1300 om det ligg på venstre sida og 1301 om det ligg på høgre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.
  • Der adresseparsellen er eit område - hyttefelt, vil nummereringa gå fram av det kommunale kartskiltet for området.

 

Skilting av adressene

  • Adressene skal skiltast slik at ukjente skal finne fram også når det er mørkt.
  • Kommunen har ansvaret for å setje opp og vedlikehalde adressenamnskilta.
  • Kommunen har og ansvaret for å setje opp tilvisingsskilt ved sidevegar.
  • Huseigar har ansvar for å skilte adresseeininga
  • Skilta skal vere utforma i samsvar med gjeldande standard og plasserast slik ata dei er GODT SYNLEGE.  (Sjå bestillingsskjema her (PDF, 82 kB)).
  • Dersom du oppdagar at kommunale skilt er øydelagde, er det fint om du varslar Sørvistorget i kommunen om dette.

 

Melde frå om ny adresse

  • Kommunen informerer offentlege organ og verksemder som Posten, Folkeregisteret, Skatt Midt Norge og Svorka AS om adressetildelinga.
  • Huseigar har plikt til å informere leietakar.
  • Du må sjølv informere andre som treng vita om adressa di.

 

Endring av offisiell adresse

  • Kommunen kan endre tildelt adresse. Dette vert gjort etter retningslinjer i regelverket når kommunen finn det nødvendig.
  • Ei adresseendring er eit enkeltvedtak på line med adressetildeling og vert varsla på same måte.

 

Kven kan svare på spørsmål?

  • Eininga for Areal- og naturforvaltning kan informere meir om tildeling av offisielle vegadresser.

 

 

Publisert av Mariann Hoset. Sist endret 14.06.2017 11:01
Fant du det du leita etter?