Ta i bruk digital postkasse og vinn ein Ipad

Digital postkasse - Klikk for stort bildeDigital postkasse Surnadal kommune sender no post til innbyggjarane digitalt, slik som stadig fleire offentlege instansar og andre verksemder gjer. Det finst to godkjente digitale postkassar; DigiPost og eBoks. Vi oppfordrer derfor alle innbyggjarane over 15 år til å skaffe seg digital postkasse.

Offentlege verksemder og andre verksemder slik som bank, forsikringsselskap – og også butikkar, tek no i bruk digital post i aukande grad.

No kan du bli med i trekninga av ein Ipad blant alle som allereie har digital postkasse eller som oppretter digital postkasse innnan 15.12.17.

Digital postkasse er gratis å bruke og gir deg:

  • Raskare svar fra oss
  • Varsel i app og e-post når du får brev
  • Tilgang til posten din uansett kor du er
  • Sikker oppbevaring
  • Sparer miljøet og reduserer offentlege utgifter
  • Reklamefri postkasse

Klikk her for å opprette digital postkasse

Finn fram BankId. Viss du ikkje har – ta kontakt med banken din.

Bli med i konkurransen om å vinne ein Ipad

  • Alle som har eller oppretter digital postkasse kan vere med. Slik gjer du:
  • Du må ha digital postkasse (DigiPost eller eBoks)
  • Du må vere fylt 15 år og vere registrert bosatt i Surnadal kommune
  • Fyll ut svarskjemaet for å vere med i konkurransen
  • Vi sender deg eit svarbrev. Husk å opne dette i din digitale postkasse

Konkurransen blir avslutta 15.12.17. Vinnaren blir kontakta og det blir kunngjort på facebook og på heimesida til kommunen