Bu- og aktivitetstenesta

Støttekontakt - Klikk for stort bilde

Buteneste, avlasting og dagsenter. Administrasjonen har kontor i Røssmovegen 26.

Kven kan få tilbodet?

Bu- og aktivitetstenesta gir tenestetilbod til menneske med utviklingshemming i Surnadal kommune. Nabokommunane kan kjøpe eks. tenester som avlasting og dagsentertilbod. Tenestene er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester Kap 3. § 3-1, § 3-2, Dette omfattar:

  • Praktisk bistand og opplæring til dei som har eit særskild hjelpebehov.
  • Avlastingstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Støttekontakt for personar med utviklingshemming.
  • Plass i institusjon eller bustad med heildøgn omsorgsteneste for dei som har behov for det på grunn av funksjonshemming.
  • Lønn til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.

Korleis få tilbodet?

Ønskjer ein nokre av desse tenestene må ein sende søknad eller ta kontakt med einingsleiar. Søknadane blir vidare handsama og fatta vedtak om i Klientutvalet.

Kva tilbyr vi?


Praktisk bistand/miljøarbeid:
Personalet skal bidra slik at brukarane får ei oppleving av tryggleik, hjelp og veiledning tilpassa den einskilde sine behov, slik at ein oppnår ein best muleg livskvalitet. Du vil som bruker av denne tenesta få ein primærkontakt som er din næraste bistandsyter i forhold til pårørande, arbeid, skule, fritid m.v. Miljøarbeid ytes i samarbeid med andre kommunale tenester og øvrige offentlege hjelpeinstansar. Ein legg og stor vekt på samarbeid med brukar sitt personlege nettverk, pårørande og hjelpeverge.

Avlasting
Ved kommunal avlastingseining. Avlastinga varierer etter behov frå nokre timar på ettermiddag, døgnavlasting på kvardag, helgeopphald, vekesopphald og ulike ferieavlastingar.
- Avlasting i privat heim.

Dagsenter.                                                                                                                             

Sommerrotunet dagsenter gir aktiviseringstilbod til utviklingshemma alle kvardagar kl. 09.00-14.00.

Støttekontakt.
Hovedmålet med støttekontakt er å gi den einskilde brukar hjelp til å nytte fritida på ein positiv og meiningsfull måte. Avhengig av brukaren sine behov, ønskjer og interesser kan støttekontakt nyttast til individuelt samvær eller vere ein brubyggar til fritidsinteresser eller til samvær med andre menneskje. Ved behov for støttekontakt skal søknad sendast koordinerande eining.

Bustad.
Bustaden blir tildelt ut frå ei heilhetsvurdering av søkjaren. Søknadsskjema kan ein få ved å kontakte eininga Bu- og aktiviseringstenesta. 

Andre tenestetilbod

  • Hjelp til rekneskapsføring for dei som har tilbod i Bu- og aktivitetstenesta.
  • Hjelp til å søkje om bustøtte for dei som har tilbod i Bu- og aktivitestenesta.
  • Transport til og frå arbeid og andre dagtilbod.
  • Følgjebevis for funksjonshemma som treng følgje eller assistanse til kultur-og fritidsarrangement. Kontakt sørvistorget for søknadsskjema og meir informasjon.

Følgjande personar kan du treffe i tilknytning til Bu- og aktivitestenesta i Surnadal kommune:

Bu og aktivitet - leiarteam
EiningsleiarSolveig Glærum91150025
RådgjevarSiv Anette A. Reiten95279642
KonsulentBrit Olaug Sæther90826658
AvlastningaArnhild Fiske48040886
Sommerro fellesbustadBjørn Stortiset48031850
Bårdshaugen fellesbustadCamilla Hyttebakk48232025
Leitet fellesbustadMarte Øie48033424
SommerrotunetLillian Wæge Glærum71660233
Nistutrøa fellesbustadArnhild Fiske48890501
Røssmoen fellesbustadElisabeth Kjos91861372
Ansvarlig Siv Annette Aune Reiten. Sist endret 27.03.2017 08:55
Fant du det du leita etter?