Sjukeheimen

Surnadal sjukeheim ligg på Skei i Surnadal. Besøksadressa er Bårdshaugevegen 22. Telefonnr. 716 58 200.

Kva kan vi tilby?

  • Langtidsavdeling med 32 plassar.
  • Bu- og avlastningsavdeling med til saman 18 plassar, derav 1 avlastningsplass, 1 plass for rulleringsopphald, 1 tryggleiksplass (underlagd heimetenesta) 4 korttidsplassar og 12 langtidsplassar.
  • Skjerma eining (for demente) med 16 plassar.

Kven kan få tilbodet?

Kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, blir tilbydd nødvendige helse- og omsorgstenester.

Med utgangspunkt i ditt behov for hjelp og ei fagleg vurdering frå kommunen, sett i samanheng med kommunen sitt tenestetilbod, blir det fatta vedtak om kva type hjelp og kor stort omfang av hjelpa som kan ytast.

Tenester i eininga institusjonar blir gjeve etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. 

Korleis få tilbodet?

Søknad om helse- og omsorgstenester (PDF, 28 kB)

Informasjon til søkjarar på helse- og omsorgstenester (PDF, 39 kB)

surnadal sjukeheim - Klikk for stort bilde Lokasjonar

Sjukeheimen
Sjukeheimen vart offisielt åpna 16.10.97 og det var eit flott bygg som kommunen kunne tilby sine brukarar og tilsette. I 2006 opna sjukeheimen ei ny skjerma eining. Den nye delen av sjukeheimen har 32 store, fine lyse pasientrom med eige bad. Vi har og store og fine fellesrom som blant anna spisestuer på kvar post, arbeidstue, peisestue og kantine.

Sjukeheimen har i tillegg følgjande tenester:

  • Storkjøkken som produserer mat for begge institusjonane, omsorgsboligane, heimebuande og skule.

  • Eige vaskeri som og vaskar noko klede til skular, museum, omsorgsbustad og Bu og avlastning.

  • Dagsenter (underlagt helse og rehabilitering).

 

Vi har følgjande mål

  • gje den einskilde tryggleik for nødvendige pleie- og omsorgstenester i samsvar med dei gjeldande lover og forskrifter.
  • sikre at brukarane blir ivareteke med  sine grunnleggjande behov.
  • respektere det einskilde mennesket sitt eigeverd og livsførsel, og gje større rom for brukarmedverknad og personlege ønskje i den daglege omsorga.

Institusjonane har knytta til seg 80 årsverk med nesten dobbelt så mange tilsette. Stillingane er fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, assistentar, aktivitør og merkantilt personale. Lege, ergoterapeut, fysioterapeut og reinhaldarar er og knytta til sjukeheimen. 

Fagteam:

Vedtak om plass i institusjonane blir gjort av einingsleiar ved Institusjonane og einingsleiar ved Heimetenesta. Det er oppretta eit fagteam som koordinerer dette. Fagteamet vurderer og plass i omsorgsbustad. Leiar i fagteamet er einingsleiar for Institusjonane. I tillegg sit oversjukepleiar ved Bu og avlastning, leiar for Rehabiliteringsavdelinga, oversjukepleiar i Heimetenesta samt lege og sekretær i dette teamet.

Personar du kan kontakte :

Helse og omsorg - Institusjonane, kontaktpersonar
Ann Kristin TørsetEiningsleiar480 26 427
Ann Grete GravvoldKonsulent481 81 647
Oddny HoemO.spl. langtid415 91 401
Jenny NordheimO.spl. BOA482 09 641
Merete LieO.spl.skjerma481 73 964
Albert BrouwerKjøkkensjef481 74 827
Sist endret 13.02.2017 11:52
Fant du det du leita etter?