Legevakt 116117

legevakt.jpg - Klikk for stort bilde

Det sekssifra telefonnummeret 116117 er eit landsdekkjande legevaktnummer. Det betyr at du kjem til legevakta uavhengig av kvar du ringjer frå og kva tid på døgnet du ringjer. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.

Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege i vanleg kontortid.
 

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringje til?

  1. Fastlegen din i opningstida - 716 57 800

  2. Legevaktnummer 116117 når det hastar

  3. Nødnummer 113 ved akutt og livstruande sjukdom

 
Det gamle nummeret som gjeld akutt hjelp (legevaktsentralen i Orkdal) 724 80 100  fungerer som før.
Fant du det du leita etter?