Bakgrunn for kommunereform

Alt om kommunereformen 2014 – 2016: Surnadal kommune

Kjære sambygdingar!

Fram mot våren 2016 skal vi arbeide med framtidig kommunestruktur. Vi skal saman sjå på korleis Surnadal kommune, åleine eller saman med andre kommunar, skal løyse oppgåvene våre i samsvar med dei nasjonale måla for kommunereformen:

  1. - Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane
  2. - Heilheitleg og samordna samfunnsutvikling
  3. - Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  4. - Styrke lokaldemokratiet og gi større kommunar fleire oppgåver

 

Surnadal kommune skal sørge for at du som innbyggar både får informasjon og mulegheit til å fremme dine synspunkt i tida fram mot våren 2016, kor kommunestyret skal ha fatta vedtak om vårt forslag til løysing.

Her finn du informasjon og aktuelt stoff frå stat, fylkesmann og vår lokale prosess.

Vi ønskjer alle velkomne til godt kommunereformarbeid!

 

Med helsing

Lilly Gunn Nyheim

Ordførar i Surnadal kommune

Publisert av Pål Ranes. Sist endret 23.10.2015 11:20
Fant du det du leita etter?