Velkommen til Surnadal!

Som ordførar i Surnadal kommune er det ei glede å ønskje deg hjarteleg velkommen til kommunen vår! Om du er heilt ny i kommunen eller har budd her tidlegare, vil vi at du skal finne deg godt til rette.

Dei tilsette i kommunen ønskjer å gjere sitt for at du skal trivast og for å gje deg dei tenestene og tilboda du treng.

Kommunen har som mål å bringe dei kommunale tenestene nærare brukarane og gje sørvis og rettleiing.

Sørvistorget har telefon: 71655800
E-post: post@surnadal.kommune.no

Kommunen har desse opningstidene:
16.05. - 15.09: kl. 08.00 - 15.30
16.09. - 15.05: kl. 08.00 - 16.00.

På kommunen sine heimesider finn du informasjon og praktiske opplysningar som kan vere nyttige for deg: www.surnadal.kommune.no.  Surnadal kommune er og på Facebook: www.facebook.com/surnadal.kommune
 

Velkomstpakke:
For at du skal bli kjent med nokre av moglegheitene som finst i Surnadal har vi satt saman ei velkomstpakke som du får utdelt ved å kontakte sørvistorget i første etasje i Surnadal kommunehuset.  Denne pakka inneheld mellom anna gratis abonnement på lokalavisa, friluftskart over Surnadal, oversikt over lag og organisasjonar og magasinet Utpågang.

 
Nok ein gong velkommen som innbyggjar. Vi håpar at du blir med på laget, og at du saman med oss vil bidra til at vi skal ha det godt her i Surnadal.


Med vennleg helsing

Lilly Gunn Nyheim
Ordførar

 

Publisert av Pål Ranes. Sist endret 13.05.2015 12:59
Fant du det du leita etter?