Hjertestarter i gåve frå Surnadal bygdekvinnelag

Surnadal bygdekvinnelag har kjøpt hjertestartar og dekt opplæring for 27 tilsette ved Surnadal sjukeheim. Vi vil rette ein stor takk til bygdekvinnelaget for gåva.

kurs hjertestartar.jpg - Klikk for stort bilde

I veke 13 vart det gjennomført kurs ved Surnadal sjukeheim, der Andreas Egeness var kursleiar. Alle som fekk godkjenning frå Norsk Recuscitasjonsråd til å behandla plutseleg og uventa hjertestans har vore gjennom eit e-læringskurs med påfølgjande praktisk opplæring. På bilde er gjevarane frå bygdekvinnelaget saman med kursleiar og nokre av deltakarane.

Frå bygdekvinnelaget møtte:

Serine Heggset (leiar), Bodhild Heggset (nestleiar), Brit Holte, Liv Oline Heggset og Magna Moe.

Hjertestartaren er registrert i Hjertestartarregistret på www.113.no

Publisert av Tove Børset. Ansvarlig Ann Kristin Tørset. Sist endret 07.04.2017
Fant du det du leita etter?