Midlar til integreringstiltak i Surnadal kommune

integrering.jpg - Klikk for stort bilde

 

Det er no høve for frivillige lag og organisasjonar til å søkje Surnadal kommune om midlar til integreringstiltak. Kommunen har sett av ein pott på kr. 50 000 som skal fordelast til tiltak som fremjar integreringa av flyktningane som har busett seg i Surnadal.

Søknad skal sendast på e- post til: olav.bergheim@surnadal.kommune.no           

For spørsmål om ordninga, ta kontakt med Olav Bergheim på telefon 982 96 315 og/eller send ein e-post.

Under finn de kriteria for å få tildelt midlar.

 

Kriterier for tildeling av midlar til integreringstiltak i Surnadal kommune

Kven kan søkje:

Aktive lag og organisasjonar i Surnadal kommune som er oppført i registeret for frivillige organisasjonar.

Målgruppe:

Flyktningar som er busett i Surnadal kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) eller personar som er busett i kommunen som følge av familieinnvandring.

Stønad kan søkjast til desse tiltaka:

  • Tiltak for familiar eller enkeltpersonar med låg betalingsevne.
  • Tiltak spesielt retta inn mot kvinner.
  • Tiltak som er retta inn mot eit samspel mellom flyktningar og etnisk norske.
  • Tiltak som er retta inn mot å involvere foreldre i born sine fritidsaktivitetar.
  • Tiltak som er med på å hindre at familiar eller enkeltpersonar sluttar i aktivitetar av økonomiske grunnar.

Krav til tiltaka:

  • Tiltaka skal vere innanfor laget eller organisasjonens ordinære tilbod.
  • Tiltaket skal vere retta inn mot målgruppa.
  • Organisasjonen må stå som søkjar.
  • Organisasjonen må oppgi kontonummer og eventuelt prosjektnummer.
  • Tiltaka skal innebere aktivitet. Tilskottet kan ikkje nyttast til tiltak av rein sosial karakter.
  • Dei som søkjer må namngje ein kontaktperson som kommunen v/eininga Vaksenopplæring og integrering kan ha dialog med.
  • For å kunne søkje må tiltaket vere behandla i styret hos søkjar. Protokoll frå styret må leggast ved søknaden.
  • Alle som arbeider med born og unge må ha gyldig politiattest.
  • Tiltaket skal gjerast kjent i eigen organisasjon.
  • Restmidlar skal førast tilbake til Surnadal kommune.

 

Med helsing

Olav Bergheim

Einingsleiar

 
Publisert av Tove Børset. Ansvarlig Olav Bergheim. Sist endret 18.05.2017
Fant du det du leita etter?