Nedgang i arbeidsløysa i Surnadal

Logo Nav - Klikk for stort bilde

Leiar for Nav Surnadal, Asbjørg Betten er godt fornøgd med nedgangen i arbeidsløysa siste månaden.

Asbjørg Betten forklarer at dei positive tala har årsak i eit svært godt samarbeid med bedriftene i Surnadal.

Pr. September 2017 er arbeidsløysa i Surnadal 1,3 %. Dette ein nedgang på 6 personar frå forrige månad.

I Møre og Romsdal er det 3 564 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,5 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 16,4 prosent frå same månad i fjor.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 1,9 prosent for kvinner og 3,0 prosent for menn.

I landet er det 68 879 heilt arbeidslause. Dette er 2,5 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 12,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Pressemelding statistikk frå arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal (PDF, 292 kB)

 

 

 

 
Publisert av Tove Børset. Ansvarlig NAV Møre og Romsdal. Sist endret 29.09.2017
Fant du det du leita etter?