Omsorgsprisen 2017 til Surnadal kommune

På biletet frå venstre: assisterende fylkesmann Rigmor Brøste, diakon Kirsti Hjørnevik, ordførar Lilly Gunn Nyheim, prosjektleiar Annett Ranes, einingsleiar Margrethe Svinvik - Klikk for stort bilde På biletet frå venstre: assisterende fylkesmann Rigmor Brøste, diakon Kirsti Hjørnevik, ordførar Lilly Gunn Nyheim, prosjektleiar Annett Ranes, einingsleiar Margrethe Svinvik.

 

Omsorgsprisen 2017 vart onsdag denne veka delt ut til Surnadal kommune av assisterande fylkesmann Rigmor Brøste. Surnadal kommune fekk prisen  for prosjektet  «Samhandling på siste vakt», eit samarbeidsprosjekt mellom Surnadal kommune og Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd.

Prisen består av eit kunstverk av kunstnaren Gunn Nordheim Morstøl og eit gåvebrev på kr 15.000,-.

Grunngjeving:

Årets prisvinnar har arbeidd systematisk i eigen kommune med oppfølging, med tilpassingar på systemnivå, og med høg fokus på brukarmedverknad. Kommunen har arbeidd med standardisering og for å nytte pasientforløp i kartlegging av brukarane sine behov. Samhandlingsreforma utfordrar kommunane til å tenke nytt og kreativt for å dekke innbyggarane sine behov. Prisvinnaren har utvikla ein basiskunnskap for at tilsette skal få ei felles forståing, at ein skal inkludere og ansvarleggjere alle tilsette for oppfølging, i samtalar og bruk av sjekklister. Kommunen har i dette høve tilpassa malar til bruk i medarbeidarsamtale, slik at leiar følgjer opp utfordringar tilsette måtte ha på feltet. 

Kommunen har nytta HPH (Helhetlig pasientforløp i hjemmet) som arbeidsmetodikk. Gjennom prosjektet ønsker kommunen å utvikle HPH slik at pasientforløp, uavhengig av diagnose, og andre tiltak skal ivareta: - betre livskvalitet for pasientar ved å hjelpe til med auka tryggleik, lindre smerter og eksistensiell angst, samt støtte til pårørande. 

Prosjektoppstart var i 2015, og erfaringane frå dette prosjektet er overførbart til andre.

Prisvinnar arbeider godt tverrfagleg, og fører med seg ei brei mobilisering av mange aktørar gjennom fagdagar og i det daglege arbeidet gjennom refleksjonsarbeid og sjekklister i pasientforløpet. Prosjektet har som mål å betre den åndelege og eksistensielle omsorga i møte med pasientar som skal døy. Resultat viser betre involvering av pasientar og pårørande, auka samarbeid med frivillige, ei styrking av fagmiljø, og samarbeid med forskningsmiljø. Prosjektet har fått stor merksemd i media.   

I dette prosjektet ser vi at det har det vore stor grad av brukarmedverknad, både på individ- og systemnivå,  altså ein brukardrive tenesteinnovasjon.   

Fylkesmannen har arbeidd med Omsorgsplan frå 2007, først Omsorgsplan 2015, og no Omsorg 2020.  I denne perioden har Fylkesmannen i Møre og Romsdal delt ut omsorgsprisen kvart år.  

Fylkesmannens omsorgspris går kvart år til ein kommune eller ei kommunal tenesteeining for eit spesielt arbeid eller tiltak som har ført til betre omsorgstenester for brukarane. Tidlegare prisvinnarar er kommunane Ulstein, Sula, Ålesund. Molde, Sande, Herøy, Nesset,  Kristiansund, Fræna/ Eide og sist i 2016 Ålesund.

(Bilete og tekst er henta frå heimesidene til Fylkesmannen i Møre og romsdal)

Publisert av Tove Børset. Sist endret 06.10.2017
Fant du det du leita etter?