Sertifiserte veiledarar for foreldregrupper

Surnadal kommune har no fått 10 stk. sertifiserte ICDP-veiledere som kan drive foreldregrupper og har 3 til under sertifisering. 

Veiledere ICDP.jpg - Klikk for stort bilde Stolte veiledarar med sine sertifiseringsbevis. 

Foran f.v. Kurshaldar Kjersti Blomsø Olsen og Ann-Kristin Dybvik.

Rad nr 2 f.v. Carina Dønheim, Kari Hamnes og Berit Bolme Reitan. Rad 3 f.v. Oddrun Harang, May Tordis Fjærvik, Silje Ranes og Kristin Børset.

Bak f.v. Marte Dalsegg, Britt Løfald, Ingun Skjølsvoll og Heidi E. Fiske. Ikkje til stades: Marit Grønnes og Linda Botten.

ICDP (International Child Development Programme) er eit gruppeveiledningsprogram for foreldre og andre omsorgsgivarar, med fokus på positiv erfaringsdeling og refleksjon.

Surnadal kommune hadde gode erfaringar med foreldregruppene som vart gjennomført no i vår, og i haust skal det startast opp 4 nye foreldregrupper.
Våren 2018 er det også planlagt gjennomføring av ansattegrupper i fleire barnehagar.
 
Les meir om tilbodet i artiklane til Trollheimsporten og Driva; her har også fleire foreldre som har delteke i foreldregrupper i vår, uttala seg positivt om tilbodet.
 
Publisert av Tove Børset. Ansvarlig Kari Hamnes. Sist endret 02.10.2017
Fant du det du leita etter?