Statens vegvesen startar utbetring av fv. 65 på Røv i Surnadal. Frå 9. oktober blir vegen stengt store delar av dagen og kvelden frå måndag til torsdag.

Vegen har setningsskadar og sidan i sommar har han berre hatt eitt køyrefelt og trafikken har vore regulert med trafikklys. No skal fylkesvegen flyttast på trygg grunn inn i fjellet, i ei breidde tilsvarande eitt køyrefelt.

- Vi skal sprengje oss inn i fjellet og det kan vi ikkje gjere med trafikk på vegen. I tillegg må arbeidet vere ferdig før vinteren kjem for fullt og da må vi arbeide effektivt, seier byggeleiar Johnny Skår i Statens vegvesen.

Meir informasjon om tidspunkt for stenging: https://www.vegvesen.no/om+statens+vegvesen/presse/nyheter/lokalt/Region+Midt/M%C3%B8re+og+Romsdal/fv.65-i-surnadal-stengt-pa-grunn-av-utbedring

Statens vegvesen utbedrar fv. 65 på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Byggeleiar Johnny Skår, telefon 481 73 292

 

 

 
 
Publisert av Tove Børset. Ansvarlig Anne Marit Øksenvåg Johansen. Sist endret 03.10.2017
Fant du det du leita etter?