Stor aktivitet i skogbruket

 Tømmer.jpg - Klikk for stort bilde

I 2016 vart det nok ein gong rekordstor hogst i Surnadal kommune. Det vart hogd 53500 m3 tømmer i fjor, noko som tilsvarar om lag 1330 fulle tømmerbilar.

Det er ein auke på over 20000 m3 frå 2015 til 2016. Det var også god aktivitet i forhold til planting av ny skog og stell av ungskog.

Her finn du detaljert informasjon om skogbruksstatistikk i 2016 og om tilskottsordningar i 2017 (PDF, 2 MB).

Det er også laga eit Infoskriv Nr.1 – 2017 med Skogbruksinformasjon (PDF, 464 kB).

 

 
 
Publisert av Tove Børset. Sist endret 15.03.2017 12:18
Fant du det du leita etter?