Stortings- og sametingsvalet 2017 - Førehandsrøysting

valglogo_gull_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilde

 

Førehandsrøystinga i Surnadal kommune foregår på Sørviskontoret på kommunehuset frå 10. august til 8. september.

Opningstider:

Alle kvardagar frå 10. august – 8. september frå kl. 08.00 – 15.30.

I tillegg blir sørviskontoret ope til kl. 18.00 den 05., 06. og 07. september samt laurdag 02. september frå kl. 11.00 – 16.00.

 

Det blir førehandsrøysting ved institusjonar slik:

  • Surnadal Sjukeheim, tysdag 5. september kl. 1000 – 1200.
  • Bårdshaugen omsorgsbustader, tysdag 5. september kl. 1300 – 1500.
  • Surnadal vidaregåande skole,  onsdag 6. september kl. 1000 – 1200.

Ambulerande røystegjeving

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan røyste på ein røystestad kan du søkje valstyret om å få røyste heime.  Slik søknad skal sendast Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal, innan onsdag 6. september.

Legitimasjon. Valkort.

Veljarar som er ukjent for røystemottakaren må kunne legitimere seg.  Husk å ta med deg det valkortet du har fått tilsendt.  Dette gjeld ikkje som legitimasjon.

Meir informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet finn du under surnadal. kommune.no /aktuelt/stortingsvalet 2017

 

Surnadal valstyre

Sist endret 04.08.2017
Fant du det du leita etter?