Svinvikrunden opna for ferdsel igjen

 Vi har opna Svinvikrunden for ferdsel igjen.

Det har vore folk oppi berget og teke ned litt meir laus masse rundt rasstaden i løpet av helga. Det ligg att nokre steinblokker i sjølve stien, men dette ventar vi på maskinell hjelp for å få fjerna. Elles skal det gå greit å passere der steinane datt ned.

Det er vel grunn til å minne om at det alltid vil vera ein viss fare for steinsprang på alle plassar der det er bratt berg eller overheng i øverkant av sti og veg. Dette gjer ofte desse rutene spesielle og attraktive som turmål, men ein kan jo også ha farane ved denne type natur i bakhovudet når ein ferdast i slikt terreng. All ferdsel i utmark skjer jo generelt på eige ansvar.

Vi minner med det same på at det er båndtvang i Surnadal frå 1. april til og med 31. oktober.
 

Beste helsing

Lilli Husby
Einingsleiar kultur
Surnadal kommune
91112416

 

 

 

 
 
Publisert av Mariann Hoset. Ansvarlig Lilli Husby. Sist endret 08.05.2017 15:57
Fant du det du leita etter?