Tidlegstemming i Surnadal kommune

valglogo_gull_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilde

Veljarar som ikkje har høve til å stemme i løpet av den ordinære perioden for førehandsstemming frå 10. august til 8. september, eller på valdagen 11. september, kan frå måndag 3. juli vende seg til kommunen for å avgi stemme.

Dersom du ønskjer å avgje tidlegstemme kan du ta kontakt med servicetorget på tlf.nr. 71 65 58 00 eller stikke innom kommunehuset v/servicetorget og avtale tid med dei. Du kan og sende ei melding til post@surnadal.kommune.no. Meir informasjon om valet vil bli lagt ut på kommunen sine heimesider www.surnadal.kommune.no

Ta med legitimasjon når du skal avgi stemme.


Surnadal valstyre
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

 

 
Sist endret 28.06.2017
Fant du det du leita etter?