Tur med ordføraren til Kallset

Tur med ordførar Lilly Gunn Nyheim - Klikk for stort bilde Stikk UT! i Surnadal arrangerer måndag 31. juli ein familievennleg tur til Kallset med ordførar Lilly Gunn Nyheim som turleiar.

 

 

 

Måndag 31. juli kl. 17.00 vil vår turglade ordførar gjerne ha med mange på tur.

Oppmøte blir på Heggemsneset i Bøfjorden.

Turen blir på ein natursti langs vegen.  Turen er godt eigna for rullestol og barnevogn. 

Ta med evt. niste og drikke.

Meir om turen finn du på: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Kallset.

Vi oppmodar folk til å køyre i lag, parkering blir på tilvist plass ved startpunktet.

Hjarteleg velkomen til å bli med!

 
Publisert av Mariann Hoset. Ansvarlig Norunn Holten. Sist endret 01.08.2017
Fant du det du leita etter?