Utdeling av hederstegn 3.mai 2017

Surnadal kommune inviterer kvart år arbeidstakarar til utdeling av klokker og lokale kunstverk.

Ved 25 års teneste eller meir i kommunen blir det utdelt gullklokke eller tilsvarande.

Dersom ein sluttar i Surnadal kommune etter 25 års teneste eller meir, før oppnådd pensjonsalder, blir det utdelt lokal kunstverk.  

Ved fråtreden ved oppnådd pensjonsalder blir det utdelt lokalt kunstverk.

Det var ei fin og høgtideleg markering med bla servering av middag og eit fint kulturinnslag ved elevar frå Kulturskulen.

Ordførar, rådmann og representantar frå kommuneleiinga var tilstades for å heidre arbeidstakarane.

Vi gratulerer alle saman for den store innsatsen dei har gjort for Surnadal kommune.

 

Utdeling av hederstegn 2017 - Klikk for stort bilde

Desse fekk klokke: Siri Skjølsvoll, Inge Skogheim, Jorunn Nordvik, Arnhild Fiske, Mette Glåmen, Kari Naustbakk og Ingrid Jystad Egeness. (Ikkje tilstades: Lars J. Tellesbø og Eva R. Hagen)

Desse fekk kunstverk: Astrid Bævre, Torunn Moen, Ivar Jostein Sæter, Marie Sollid, Anne R. Nes, Siri Vullum, Jorunn E. Heggset, Ingebrigt G. Moen, Inger Anne Aune, Inge Skogheim, Lilliann B. Gravvold, Norvald Bondhus, Aud Kjølstad, Eli Husby Moen, Britt Aina Berglund, Jens Tore Eggum. (Ikkje tilstades: Brit Røsand, Johanne Rangnes, Randi V. Bøe, og Marit Irene Øye)

Publisert av Tove Børset. Ansvarlig Inger Nordby. Sist endret 05.05.2017
Fant du det du leita etter?