Vedtatt reguleringsplan: Surnadalsøra gnr/bnr 50/4

Kommunestyret har vedtatt endring av reguleringsplan for Surnadalsøra på eigedomen gnr/bnr 50/4.

Kommunestyret har i møte 16.02.2017 i sak 6/17 vedtatt endring av reguleringsplan for Surnadalsøra på eigedomen gnr/bnr 50/4.

Planendringa åpnar for bygging av nytt bygg for næring, fritidsbebyggelse eller bolig.Plankart.jpg - Klikk for stort bilde

De kan klage på godkjenninga til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter at De her er gjort kjend med vedtaket. Eventuell klage, som må vere skriftleg og grunngjeven, blir å sende til Surnadal kommune, Hovudutval for teknikk og miljø, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal, eventuelt som epost til post@surnadal.kommune.no

Stadfesta reguleringsplan er bindande innanfor planområdet for alle arbeid og tiltak som er nemnd i § 20 i Plan- og bygningsloven. Det same gjeld frådeling og annan bruk som kan gjere gjennomføringa av planen vanskeleg.

Plandokument:
Publisert av Håvard Stensønes. Sist endret 17.03.2017 15:30
Fant du det du leita etter?