Vi søkjer einingsleiar til Surnadal sjukeheim

Ei utfordrande og viktig leiarstilling, for deg som vil vere med å utvikle helse- og omsorgstenestene våre

 

 

 

Annonse Buakt - Klikk for stort bilde Vi går ei spanande tid i møte, der behovet for riktige og gode helse- og omsorgstenester blir utfordra samtidig som det blir forventa at levealderen vår går opp. Derfor søkjer vi etter ein leiar som har ambisjon om å bidra til at tenesteytinga vår skal vere i forkant av utviklinga, har eit strategisk perspektiv og samtidig står fram som ein dyktig leiar innan sitt ansvarsområde.

Surnadal sjukeheim har fokus på utviklingsarbeid, der heiltidskultur, godt arbeidsmiljø og omdømmebygging står sentralt blant dei 130 tilsette. Vi er opptatt av at kvalitetssikring av tenestene og heilheitleg pasientforløp har fokus.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos vår rådgjevar i Headvisor Torstein Sneisen, tlf. 91 88 81 86. Du kan også ta direkte kontakt med kommunalsjef Gunhild Eidsli, tlf. 97 17 48 56 eller rådmann Knut Haugen tlf. 91 55 40 69 for nærare opplysningar.

Søknad og cv sendes snarast og seinast innan 21. august på www.headvisor.no/stillinger.

Headvisor logo - Klikk for stort bilde

 

 
 
Publisert av Mariann Hoset. Sist endret 30.06.2017 15:00
Fant du det du leita etter?