Viktig melding til lånarar ved Surnadal folkebibliotek

Ventilasjonsanlegget på kulturhuset vil bli renovert i første veka av mai. Det vil føre til at vi dessverre må halde stengt ved biblioteket.

For å unngå å gå «tom» for bøker, vil vi difor anbefale eit besøk før den tid. Biblioteket vil ha ope som vanleg i siste veka av april (måndag 11-16, tysdag/onsdag/torsdag 11-17, fredag 11-15 og laurdag 11-14).

Det vil gå an å få levert inn bøker i den første mai-veka og du kan også ringe tlf. 71 65 93 00 om du vil kome i kontakt med biblioteket (t.d. om det er bøker du må ha den veka, og som vi kan bringe vidare til deg på ein eller annan måte). Avisene vil bli lagt ut, som vanleg (ev. lagt ut nede om også «balkongen» blir stengt).

Sia biblioteket blir stengt, vil småbarnstreffet og møtet i dataklubben gå ut denne veka.

Biblioteket vil gå over til sommarope frå og med 8. mai og opningstidene vil frå da av bli måndag-fredag kl. 11-15.

Sia det også trengs ventilasjon for å drive kino, vil det ikkje bli vist film onsdag 3. mai. Men det er meininga at alt skal vere i orden til helga, så det blir vanleg kinodrift igjen frå og med fredag 5. mai.

 
 
Publisert av Tove Børset. Ansvarlig Stetinar Hasselø. Sist endret 21.04.2017
Fant du det du leita etter?