Montering av eldstad

Korleis velje riktig eldstad?

Eldstader finnst i mange størrelsar og variantar. I dag er ein eldstad ofte like mykje eit møbel som ei varmekjelde, men det er viktig å kjøpe ein eldstad som passar til det arealet du skal varme opp. Du kan ta utgangspunkt at oppvarmingsbehovet er 60-80w pr m2. Eldstader som er godkjende i Norge skal:

  • ha bruks- og monteringsveiledning på norsk eller et skandinavisk språk
  • vere CE- merka
  • vere godkjend etter den norske standarden NS EN 13240, 13229, 15250 eller 12815
  • vere reintbrennande (tilfredsstille utsleppskrava i NS-3059 og NS3058. Her finnst det unntak)

Dei skal også vere testa ved et akkreditert selskap for partikkelutslepp

  • SP fire (Norge og Sverige)
  • Teknologisk Institutt (Danmark)
  • Rhein Ruhr Feuerställe (Tyskland)

Korleis montere eldstad?

Det er ikkje stillt formelle kompetansekrav til den som skal montere eldstad. Den som skal montere eldstaden må ha kjennskap til reglar for skorstein og eldstad. Det er monteringsavisinga til kvar enkelt eldstad som seier kva krav som gjeld. Vi anbefaler å bruke ein sertifisert montør.

Oversikt over sertifiserte montørar finn du på Norsk Varme sine nettsider.

Må eg søke før installasjon? 

Installasjon av eldstad i eksisterande bustad er ikkje søknadspliktig, men er meldepliktig til kommunen (feiarvesenet). Vi anbefaler at du får eit monteringsbevis av montøren. Dette skal være ferdig utfylt og signert av montør. Ta vare på originalen og send ein kopi til ditt lokale brannvesen.

NB: Skal ildsted og ny skorstein monteres samtidig eller i bolig under oppføring er ildstedet søknadspliktig som en del av varmeanlegget.