Kva har du rett til?
- Du har rett til å sjå journalen din.
- Du har rett til å vite kven som har sett journalen din.
- Du har rett til å vite kven som har fått opplysningar frå journalen din.
Pårørande eller andre med fullmakt kan også få innsyn dersom du har samtykka til dette.
Slik ber du om innsyn
Logg inn på HelsaMi og følg instruksane. Informasjonen i HelsaMi hentes fra din pasientjournal.
For deg som ikkje kan bruke HelsaMi til å be om innsyn
Dersom du ikkje kan bruke HelsaMi som app eller på nett, kan du likevel få tilgang til informasjonen som står i din pasientjournal. For å få innsyn i journalen din, må du laste ned og fylle ut eit skjema som du sender i posten til Helseplattformen sin journaladministrasjon. Postadressa du skal bruke står oppgitt i kvart skjema.
For å søke om innsyn i andre sin journal må du ha fullmakt frå den det gjeld. Velg riktig skjema under og følg rettleiinga som ligg i kvart skjema når du fyller ut.
Det tar nokre dagar å behandle førespurnaden din. Journalen blir difor ikkje sendt ut same dag.
Treng du hjelp til å skrive ut skjema kan du ta kontakt med Sørvistorget i kommunen.
For deg som er pårørande til ein person som ikkje kan gi samtykke
Skjema for pårørande og foreldre
Skjema for deg som er tilknytta Helse Møre og Romsdal
Les meir:
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med oss.
Innsyn i vedtak
Vedtak er ei samling av opplysningar om deg og den helsehjelpa du er tildelt.
Du har rett til å få innsyn i vedtaket ditt, kven som har hatt tilgang til det og kven som har fått utlevert opplysningar.
Ein pårørande eller ein annan person med fullmakt, kan også få innsyn i vedtaket ditt.
I heilt spesielle tilfelle kan helsepersonell nekte deg innsyn i heile eller delar av journalen.
Viss du ikkje får innsyn kan du klage til Statsforvaltaren.
I førespurnaden skal du markere for kva vedtak du ønsker utskrift av og for kva tidsperiode.
Grunna saksbehandlingstid blir ikkje vedtaket utlevert same dag.