Transport til og frå dagtilbod

Vi gir eit tilbod om transport til og frå dagtilbod for funksjonshemma.

Minibuss

Vi har ein minibuss som blir nytta til å skysse personar til og frå arbeidsplassen, dagtilbod ved Trollheim AS og til Sommerrotunet aktivitetshus. Reiseruta er stort sett knytt opp mot kommunale bustader for personar med utviklingshemming i sentrum av Surnadal.

Køyretid

Transporten til tenestetilboda går i fast rute og startar kvar morgon kl. 8.00 og fram til ca. kl. 9.30, og er tilpassa brukarane sine behov. 

Same rute i motsatt retning på ettermiddag frå kl. 13.30 - 15.30.

Kva kostar det?

Under ser du satsane for passasjerar som reiser med kommunen sin minibuss.

Betalingssatsar for minibuss
Transport med minibuss Pris
Inntil 10 km - 1 dag pr. veke kr 45- pr. veke
Inntil 10 km - 2 dagar pr. veke kr 80,- pr. veke
Inntil 10 km - 3 dagar pr. veke kr 115,- pr. veke
Inntil 10 km - 4 dagar pr. veke kr 148,-- pr. veke
Inntil 10 km - 5 dagar pr. veke kr 185,- pr. veke
Over 10 km - 1 dag pr. veke kr 59,- pr. veke
Over 10 km - 2 dagar pr. veke kr 125,- pr. veke
Over 10 km - 3 dagar pr. veke kr 186,- pr. veke
Over 10 km - 4 dagar pr. veke kr 246- pr. veke
Over 10 km - 5 dagar pr. veke kr 308,- pr. veke
Leige av bussen til sosial formål for tilsette kr 8,65- pr. km
Utleige til andre kr 12,98,- pr. km