Etablerar- og kunnskapsprøvane

Før ein serveringsstad kan få serveringsbevilling, må dagleg leiar for serveringsstaden ha bestått etablerarprøva. Etablerarprøva skal sikre at ansvarleg for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgivning av betydning for drifta. Kommunen skal avholde prøva innan to månader etter at han har mottatt meldinga om at du ynskjer å avleggje prøven.

Kva er etablererprøven?

Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å gjennomføre han. For å få bestått prøve må 40 av 50 svar vere riktige. Ta med gyldig legitimasjon.

Kven er etablererprøven for?

Dagleg leier i verksemda som har eller søkjer om serveringsbevilling

Kva kostar tenesta?

For å halde prøven kan kommunen kreve eit forskotsgebyr på inntil kr 400,-. Prøven kan takast fleire gongar dersom han ikkje blir bestått. Det må betalast gebyr ved kvar oppmelding. Kommunen kan samarbeide med andre kommunar, så eksamensstaden kan ligge utanfor kandidaten sin kommune. (Jamfør Forskrift om etablererprøve for daglig leder av serveringssted)