PPT Indre Nordmøre er interkommunal pedagogisk psykologisk teneste for kommunane Tingvoll, Sunndal, Rindal og Surnadal.
Surnadal er vertskommune for samarbeidet og tenesta har kontor i Sunndal og Surnadal.
Vi har i tillegg avtale med Møre og Romsdal Fylkeskommune om PP-tjeneste til dei 3 vidaregåande skulane i kommunane våre.
Kva gjer PPT?
- PPT samarbeider med og bistår barnehagar og skular i arbeidet med forebygging, tilpassing og tilrettelegging for barn og elevar, med mål om at alle skal få et inkludarende, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.
- PPT er sakkyndig instans for barn, ungdom og vaksne med særlege tilretteleggingsbehov.
- PPT bistår barnehagar og skular i kompetanse- og organisasjonsutviklingsarbeidet.
- PPT samarbeider med dei andre kommunale tenestene for barn og unge om å skape gode oppvekst- og opplæringsmiljø.
Korleis får du bistand frå PPT?
Som hovudregel er det barnehagen eller skulen som melder til PPT, i samarbeid med foreldra. Har du bekymring for barnet ditt si utvikling eller læring kan du drøfte med barnehagen/skulen om det kan være aktuelt med ei tilmelding til PPT.
Foreldre kan ta direkte kontakt med oss ved å sende brev sikkert via eDialog
Tilsette kontorstad Surnadal
Tilsette kontorstad Sunndal
Sist endret 23.09.2024 09:21