01.04.2020: Statusoppdatering frå kriseleiinga

Klikk for stort bildeFoto: CDC, Alissa EckertDet er no påvist korona-smitte i Surnadal kommune. -Vi har fått påvist begrensa smittetilfelle i Surnadal, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.

Det at fleire har testa seg dei siste dagane gjer at vi kan få avdekt mørketal. Dette gir oss mulegheit til å oppretthalde god smittekontroll. Vi er godt i gang med smittesporing og dei dette til ei kvar tid gjeld, får god informasjon om korleis dei skal forhalde seg for ikkje å spreie smitte.

Til dei som vil vite talet for påviste smittetilfelle viser kommuneoverlegen til at kommunen med omsyn til lovverket ikkje går ut med helseopplysningar på gruppenivå som ikkje utgjer over 6 personar. Spørsmål knytt til eventuelt tal for Surnadal som blir publisert i nasjonal dagspresse lyt difor rettast dit, seier Buan. Kommunen vil kunne gå ut med antal påviste smittetilfelle når gruppa overstig 6 personar.

Vi må godta auka lokal smitterisiko når vi frå og med 31. mars har lagt oss på ei nasjonal linje med omsyn til karantenereglar og smitteverntiltak. Det er difor viktig at alle forstår at vi er avhengige av at alle følgjer råda som gjeld nasjonalt i tida framover. Vi må saman oppretthalde den sterke felles dugnaden. Da vil vi lokalt kunne handtere antal påviste smittetilfelle med smittesporing og begrense smittespreiing, slik at helsevesenet vil kunne fortsette med å gi hjelp til dei som blir sjuke på ein trygg og forsvarleg måte framover.

Dette er dei viktigaste råda som alle bør kjenne til no:

  • Ein skal unngå fritidsreiser over kommunegrensene. Unntak gjeld for friske studentar som reiser heim til foreldre. Desse skal unngå å reise kollektivt.
  • Heimeisande frå Oslo-området må vere ekstra påpasseleg for ikkje å ta med seg smitte
  • Det er forbode å overnatte på hytter/fritidsbustader/sekundærbolig i annan kommune enn der ein er registrert busett
  • Dei fleste camping-plassar i Surnadal kommune er stengt av smittevernomsyn og skal opplyse sine kundar om kva som gjeld for kvart tilfelle
  • Avstandsreglane gjeld framleis inntil myndigheitene fattar nye vedtak (avstand og begrensa sosial kontakt)
  • God handhygiene er viktigare enn nokon gong
  • Den lokale korona-telefonen er no stengt på kveldstid: Nye opningstider er frå kl. 09.00-15.00 kvardagar og kl. 10.00-14.00 på laurdag.
  • Du kan framleis kontakte korona-telefonen vår for å bli vurdert for testing sjølv om du ikkje er i karantene lenger, dersom du har symptom eller har grunn til mistanke om smitte.

Dette kan nok opplevast som ein merkedag for oss som bur i Surnadal kommune. Vi er ikkje lenger ein kvit flekk på korona-kartet. Vi skal saman stå på for at vi beheld ei lys oransje farge med omsyn til å begrense antal smittetilfelle. Det viktigaste bidraget til dette er den jobben kvar og ein av oss gjer i dagane og tida framover.