03.05.2021: Informasjon om koronavaksineringa ut våren og i sommar - oppdatert

Klikk for stort bildeI Surnadal kommune er om lag 1500 personar vaksinerte med dose 1. Oppslutninga om vaksineringa er så høg som opp mot 95%. Dette er særs gledeleg og ligg godt over landsgjennomsnittet. No gjer vi oss klare for omfattande koronavaksinering gjennom heile sommaren og informerer om det vi veit, så langt.

Dei neste vekene ut mai månad, held vi jamn fart med vaksinering av gruppe 4 (65 – 74 år) og personar 18 – 64 år med forhøga risiko. - Dersom nokon over 70 år ikkje har fått SMS-innkalling med tilbod om vaksinering, ta kontakt via kommunens Vaksinetelefon, seier Gunn Heidi Ansnes, vaksinekoordinator i Surnadal kommune.

Til dei som har fått dose 1 med AstraZeneca

Vi har full oversikt over alle som har fått dose 1 med AstraZeneca i kommunen. Vaksinetypen er sett på vent. FHI har bestemt at desse skal få tilbod om dose 2 med mRNA-vaksine (frå BioNTech/Pfizer eller Moderna). Kommunen har sendt ut brev frå FHI til dei 287 personane dette gjeld. Alle vil få ein SMS med time til dose 2, estimert til veke 21/22.

Alle over 18 år får dose 1 i sommar

Mot sommaren aukar vaksineringstempoet. Vaksineleveransane til Norge og vidare ut til kommunane, tek ikkje sommarferie. Dette har FHI bestemt.

For å sikre raskast muleg vaksinasjon av befolkninga ga FHI fredag 30. april råd om å utvide doseintervallet til 12 veker for alle under 65 år og som ikkje har risikotilstandar. Alle som alt har fått time til dose 2 før 3. mai, skal behalde denne timen uansett. Utvidinga medfører at aldersgruppa 18-44 år blir vaksinerte opptil 5 veker tidlegare enn estimert. 

Vaksinedoser blir utsendt fortløpande til kommunane kvar einaste veke i sommar, etter kvart som dei kjem inn til landet. Slik det ser ut no vil det komme store leveransar frå Pfizer i løpet av juni, juli og august. Kommunane skal vaksinere 2 til 3 gonger fleire i veka enn det vi gjer no. Dette inneber ein stor logistikk-jobb for alle involverte som stiller opp både på jobb og som frivillige vaksinevertar for oss andre gjennom sommaren.

Vi må be innbyggarane om å forberede seg på streng praktisering av vilkåra for å få utsett dato for vaksinering i sommar. Turnusbedrifter eller bedrifter med   vaktordning kan ta kontakt med Vaksinetelefonen dersom bemanningssituasjonen blir kritisk ved at for mange tilsette skulle bli kalla inn til vaksinering samtidig.

Nøkternt vaksineringsscenario

Vi forsøker å kalle inn 1-2 veker i forkant. Det er vanskeleg å spå når akkurat du blir kalla inn til dose 1 i sommar, men grovt sett kan ein ta utgangspunkt i eit nøkternt vaksineringsscenario frå FHI og rekne seg 12 veker fram til dose 2.

Med forbehald om at vaksineringa kan gå både raskare og seinare, har FHI førebels berekna forventa tilbod om dose 1 til ulike grupper slik:

  • Alle med underliggande sjukdom:  Dose 1 innan midten av mai - dose 2 etter 6 veker (usikker prognose)
  • Alder 55 – 64 år:                               Dose 1 innan 1 veka i juni - dose 2 etter 12 veker
  • Alder 45 – 54 år:                               Dose 1 innan 3 veka i juni - dose 2 etter 12 veker
  • Alder 18 – 44 år:                              Dose 1 i løpet av juli       - dose 2 etter 12 veker               

Eit enno raskare vaksinetempo enn dette vil bero på tilgangen til fleire godkjente vaksinetypar.

Når det gjeld frykt for biverknader etter dose 2, er dette individuelt. Ikkje alle får biverknader. Ein vil som regel kunne gå på jobb etter dose 2. Dette kan ein sjølvsagt aldri garantere, men på generelt grunnlag kan vi ikkje råde nokon til å utsette å ta dose 2 grunna arbeid.

Vi minner om at ein ikkje er fullgodt beskytta mot sjukdom før etter at ein har fått dose 2, sjølv om dose 1 gir godt vern mot sjukdom etter eit par veker. 

Oppslutninga om koronavaksineringa er alfa og omega for gjenopninga av samfunnet. Ingenting er difor viktigare denne sommaren enn å vere tilgjengeleg og få vaksinert seg når tilbodet kjem.